Mi fyrste vinterovernatting på fjellet!


Det stoppa å snø, og eit nydelig vinterlys gjorde landskapet magisk. Sidan eg er veldig glad i å fotografere, brukte eg naturligvis mykje tid på dette. Plutselig var det mørkt og stjernene blinka så fint ned til meg, der eg satt i teltopningen med Orion. Stunder som dette gjer at eg gløymer alt. Tid og stad. Alle bekymringar og negative tanka blir drukna av herlige inntrykk frå naturen. 