Ekte naturopplevingar på veggen

Viser alle 18 resultaterSortert etter propularitet

  • Over Aurlandsfjorden

    Over Aurlandsfjorden

    Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00

    Greplyng. Navnet ligg i planta sjølv. Den grip seg fast.

    Høgt over Aurlandsfjorden, ca 900 meter over havet, klamrar den vesle lyngen seg til berggrunnen. Den møter på storm, regn, lyn og steikande sol, år etter år. Likevel slepper han aldri taket.

    Når sommaren kjem, blomstrar han i rosatonar og pyntar fjella våres.

    Velg alternativLoading Done Dette produktet har flere varianter. Alternativene kan velges på produktsiden
  • Gjerdesmett i skogen

    Gjerdesmett i skogen

    Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00

    Gjerdesmett, ein liten og nydelig fugl. Står skjeldan lenge stille, så det var kjekt å få fanga den på kamerabrikka.

    Velg alternativLoading Done Dette produktet har flere varianter. Alternativene kan velges på produktsiden
  • Revungen i skogen

    Revungen i skogen

    Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00

    Klokka var litt over fire på natta då dette augenblikket blei fanga i skogen. Eg hadde fått eit hint om at det var revehi i området. Under ein liten tur ute på natta, sto plutselig reven der. Ansikt til ansikt med ein reveunge mellom tuer av bregner.

    Den stoppa opp, nyfiken og våken, før den såg meg rett i augene. Eit kort augenblikk av rein natur og nærleik, før alt blei stille igjen.

    Dette biletet fangar eit skjeldan møte i norsk natur.

    Velg alternativLoading Done Dette produktet har flere varianter. Alternativene kan velges på produktsiden
  • Toppand hann

    Toppand hann

    Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00

    Å fanga dei små detaljane, krever at lys, stemning, objektet med meir stemmer. Her ser du toppand hann med vassdråpar og sola som lyser opp den nydelige fjørdrakta hans.

    Velg alternativLoading Done Dette produktet har flere varianter. Alternativene kan velges på produktsiden
  • Et plask frå havet

    Et plask frå havet

    Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00

    Et kraftig slag i vatnet og tusen dropar i lufta. Spekkhoggaren hadde følgt sildestimen heilt inn til båten og dukka opp på andre sida, der han slo med halen for å svimeslå byttet. Vatnet spruta, og i eit kort augenblikk fekk eg eit skjeldan innblikk i det i ville livet under overflata. Ikkje så mange kan «skryte på seg» å ha blitt spruta på av ein spekkhoggar. Når eg ser på bilete igjen huskar eg igjen følelsen så godt. Eg sovna med smil om munnen den natta.

    Velg alternativLoading Done Dette produktet har flere varianter. Alternativene kan velges på produktsiden
  • To pust i kveldssol

    To pust i kveldssol

    Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00

    Den eine spekkhoggaren var allereie på veg ned i djupet. Att stod berre pusten, lyssett av kveldssola. Samstundes steig den neste roleg opp og skulle til å fylle lufta med eit nytt pust. Eit kort augeblikk der to liv møttest, eitt på veg ned, eitt på veg opp, i det varme lyset frå den siste kveldssola.

    Velg alternativLoading Done Dette produktet har flere varianter. Alternativene kan velges på produktsiden
  • Nygerrige auger mellom bregnene

    Nygerrige auger mellom bregnene

    Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00

    Revemøte har lenge vore eit av dei største ønskja mine som hobbyfotograf. Nokre få gongar har eg fått eit glimt av ein rev, som oftast langt vekke, eller så rask at eg ikkje ein gong har rukke å løfta kameraet. Men dette møtet var annleis.

    Mellom bregnene møtte to nysgjerrige auge mine. Reven var roleg, nyfiken og gav seg god tid. Eg fekk vere vitne til eit møte eg aldri kjem til å gløyme. Etter kvart la han seg heilt ned for å kvile, som om eg berre var ein stille del av landskapet. For meg handlar dette biletet om tillit. Eit sjeldan møte mellom to nysgjerrige blikk, fylt av ro, undring og respekt.

    Velg alternativLoading Done Dette produktet har flere varianter. Alternativene kan velges på produktsiden
  • Strekkjer seg mot nordlyset

    Strekkjer seg mot nordlyset

    Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00

    Når nordlyset dansar over himmelen og furene står mørke og stille, då vert verda større og tankane mindre. Ei krokete furu strekkjer seg mot lyset, i det sløret glir over nattehimmelen. Eit augneblink av stillheit, undring og kjensla av å vere liten under noko uendeleg stort.

    Når ein fotograferar nordlys er det ofta mykje frysing og venting, men så verdt det når dansen på himmelen visar seg

    Velg alternativLoading Done Dette produktet har flere varianter. Alternativene kan velges på produktsiden
  • Havet sitt hjarta

    Havet sitt hjarta

    Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00

    Havet er vilt, vakkert og fullt av krefter. Likevel oppstår det av og til små augeblikk som verkar nesten umoglege.

    Då bølgjene braut mot svaberga, forma sjøspruten eit hjarta, akkurat idet lundefuglen flaug forbi. Eit sekund som var vekk like fort som det kom.

    Bak dette biletet ligg mykje venting. Eg stod lenge og følgde bølgjene, lyset og fuglane, vel vitande om at naturen aldri gjentek seg.

    For meg minner dette biletet om at sjølv i dei største kreftene finst det rom for noko vakkert.

    Velg alternativLoading Done Dette produktet har flere varianter. Alternativene kan velges på produktsiden
  • Slukt av lyset

    Slukt av lyset

    Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00

    Den natta låg me i lyngen under furutrea og såg opp. Nordlyset voks og breidde seg over himmelen, til det kjendes som om me vart slukte av fargane og stjernene. Då barna hadde lagt seg, vart eg sitjande att i mørket, heilt ute av tida. Først dagen etter måtte eg sjå gjennom bileta for å forstå at det verkeleg hadde skjedd. Eit sjeldant augneblink av undring – så stort at det nesten ikkje kjennest verkeleg.

    Velg alternativLoading Done Dette produktet har flere varianter. Alternativene kan velges på produktsiden
  • Mot storhavet

    Mot storhavet

    Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00

    Ei lita skikkelse på kanten av verda. Lundefuglen sit stille og ser utover storhavet, eit motiv som formidlar ro, fridom og kjensla av å ha god tid.

    Velg alternativLoading Done Dette produktet har flere varianter. Alternativene kan velges på produktsiden
  • Lundefugl - et nærmøte

    Lundefugl – et nærmøte

    Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00

    Nokre møte med naturen kan ikkje hastast fram. Dette portrettet av lundefuglen kom etter lang venting, stille rørsler og respekt for fuglen sitt eige tempo.

    Då augeblikket endeleg kom, fekk eg fange dei intense fargane, dei fine detaljane og det nysgjerrige blikket på nært hald – eit lite glimt av livet langs den norske kysten.

    Velg alternativLoading Done Dette produktet har flere varianter. Alternativene kan velges på produktsiden
  • Lundefugl på veg heim

    Lundefugl på veg heim

    Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00

    Eg sat lenge og venta medan lundefuglane kom og gjekk mellom havet og reiret. Dei fleste passerte for fort, i feil lys eller utan fangst. Men så kom dette augeblikket. Med fisk i nebbet, vengene utstrekte og kursen heimover til reirhola,  sat alt akkurat sånn eg hadde håpa. Det er sånne sekund som gjer alle timane med venting verdt det. For ei oppleving.

    Velg alternativLoading Done Dette produktet har flere varianter. Alternativene kan velges på produktsiden
  • Vengespel i kveldssol

    Vengespel i kveldssol

    Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00

    Badande i kveldssol opnar knoppsvana vengene, og dei mjuke linjene dannar eit hjarte av lys. Eit motiv som formidlar ro, nærleik og kjensla av tryggleik.

    Velg alternativLoading Done Dette produktet har flere varianter. Alternativene kan velges på produktsiden
  • Strandnellik i solnedgang

    Strandnellik i solnedgang

    Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00

    I kveldssola står blomane tett saman, men ein strekkjer seg litt høgare enn dei andre. Han minner oss om noko enkelt: du treng ikkje vere lik alle rundt deg for å høyre til. Det finst også ein plass i lyset for den som veks på sin eigen måte.

    Velg alternativLoading Done Dette produktet har flere varianter. Alternativene kan velges på produktsiden
  • Ei glipa med lys

    Ei glipa med lys

    Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00

    Kvelden var i ferd med å ta over fjellet. Berre ei smal glipa av den siste kveldssola fann vegen over snøen og let landskapet gløda i nokre få minutt.

    Det er sånne augneblikk som aldri varar lenge. Lyset flyttar seg stille, skuggane veks, og plutseleg er magien vekk.

    Dette biletet er ei påminning om kor kortvarige dei vakraste stundene i naturen kan vera. Dei kan ikkje styrast.

    Velg alternativLoading Done Dette produktet har flere varianter. Alternativene kan velges på produktsiden
  • Grensa mellom lys og skuggje

    Grensa mellom lys og skuggje

    Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00

    Langs Tindevegen låg fjellet stille medan den låge kveldssola teikna ei skarp grense mellom lys og skugge. Berre nokre få minutt var fjellsida bada i det varme, gylne lyset før sola forsvann bak horisonten og alt vart blått igjen.Det er desse flyktige augneblikka eg alltid leitar etter. Eit motiv som viser korleis naturen kan vere både kraftfull og stillferdig på same tid.

    Velg alternativLoading Done Dette produktet har flere varianter. Alternativene kan velges på produktsiden
  • Pust av gull

    Pust av gull

    Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00

    Timesvis på timesvis. Bomtur på bomtur. Men endeleg sit det. Det perfekte lyset, den stille sjøen og den kraftfulle pusten til spekkhoggaren, opplyst av den varme kveldssola.

    Eit pust, eit glimt av gull – og så er augneblinken vekk. Det er noko heilt eige med å bruke så mykje tid på eit dyr, og så sit det magiske augeblikket att, fanga på kamera og bevart som eit minne. No kan også dette flyktige møtet få ein plass på veggen.

    Velg alternativLoading Done Dette produktet har flere varianter. Alternativene kan velges på produktsiden