NATUREN GJENNOM MITT BLIKK
-
Våren er her, og naturen våknar til liv.
Det er forsatt mørkt ute, men no visar klokka ti over fire. Sola er berre begynt å tenke på at den må stå opp, men ute skjer det ting. Det er lettare enn nokon gong og våkne frå søvnen. Fuglar flaksar ned på bakken frå nattekvisten sin, og spelet er i gang.
-
Livet!
Ein video som kaskje kan gi forståelse, som kanskje kan gi håp, og som kanskje kan vera til hjelp på dei dagane ting gjer veldig vondt!
-
Årets fyrste teltnatt, 2019!
Nattetimane kom, og då klokka var nærare to om natta, våkna eg. Eg var kald, og styrken i vindkasta var så sterke at eg måtte ut å sjekka om teltet sto trygt!
-
Fullmåne, naturens eiga lykt!
Ute var det stille, det var kun skritta våra som laga lyd, men plutseleg høyrdest vengeslag, og ei kvit rype letta ifrå bjørkekrattet!
-
Flaut å dele, men dette er ekte naturglede!
Eg og Elias Jordal går ut av komfortsona i håp om at dykk dreg litt på smilebandet!
-
Ei brunstig oppleving!
Pulsen min steig, og eg følte meg plutselig veldig liten der eg stod. Frysningane gikk kaldt nedover ryggen og eg begynte å skjelva. Beina vart heilt nummen av adrenalin, samtidig så måtte eg ha fult fokus rundt meg om han plutselig skulle komme imot meg!
-
For et vakkert land me bur i!
Har du kjent at du berre stoppar opp, og du får nesten ikkje ut et ord? Berre står der, vert heilt blank i augene og nyt synet!
-
Vilt, vakkert og trollsk!
Sola var på veg ned, og i Trollstigheimen blandt Kongen, Dronninga og Bispen (fjelltoppar) fann me den perfekte teltplassen!
-
Takk for gjestfriheten!
Ei turglad jente frå sunnmøre, med masse kunnskap og nydelige bilder! I dag skulle me møte ho, og hunden hennar Nansen! Me reiste frå Runde, og eg kjente allerede då at det kribla i magen.
-
Et av høgdepunktene på turen var å møte sjøpapegøyen!
Den fyrste fuglen me møtte på var ei Havsule. Fin og vakker, men plutselig tok båten ein heilomvending, og kapteinen ropte ut til oss, «når eg ser ei havsule svømmande åleine på denne plassen, veit eg at noko er galt.
-
Mitt friluftsliv
Eg har prøvd å lage ein film som visar kor utrulig mykje ein kan leggje i friluftsliv.
-
Eit møte eg seint vil gløyma!
Eg reiste meg opp igjen, tømte lommene for nøklar og diverse, tok sats og stupte uti.
-
Villmarksopplevelse i «bakgården»!
Eg, Orion og hjorten sto å måpte, før hjorten sprang avgårde! Eg kunne knapt tru mine eigne auge! Hadde hjorten hatt gevir, kunne eg sikkert tatt på den. For ein opplevelse!
-
Mi fyrste vinterovernatting på fjellet!
Det ser så deilig ut. Den klare stjernehimmelen, den glittrande snøen og det magiske vinterlyset.
-
Familieøkning med samojeden Orion <3
Me parkerte, kom inn i gangen, og der satt det to spente barn! Orion gikk rett bort å sleika dei på hånda! Kjærlighet ved fyrste blikk <3
-
Min fyrste tur i høgfjellet på vinteren!
Eg begynte å tenke på snøskred, tenk om eg ikkje fann vegen heim igjen, hadde eg for lite klær? Eg satt meg ned, fyrte på vedkubbane, lagde meg ein kakao, og skulle til å begynne på maten!
-
Korleis gjennomføre friluftsliv med vond skulder?
Vinteren var alltid meir utfordrande å gå i terrenget. Den djupe snøen begrensa turmulighetane til fots. Eg vil på ski, men korleis ville det vere med vond skulder?
-
For å vere sterk, må ein fyrst vere svak!
Kajakken, som flyt så lydlaus i bølgene. Eghar måtta satt den på vent, men eg har endå ikkje gitt den opp. Eg vil flyta lydlaus gjennom bølgene igjen.
-
Kvifor friluftsminner?
Målet var å motivere andre til å komme seg ut i naturen, samtidig som eg prøvde å finne meining i kvardagen






















