For et vakkert land me bur i!

Frå Trollstigen reiste me vidare til Dovrefjell, i Moskusens rike. Me hadde et stort ynskje om å sjå dette store dyret, men då på trygg avstand. Me hadde oss ein liten tur på ein liten topp for å sjå Snøhetta, og for et syn. Eg bestemte meg der og då, her skal eg tilbake! Tilbake for å bestige snøhetta, for å sjå moskus og fjellrev.

dovrefjell-9281
Snøhetta, 2286 moh.

Etter den vetle turen fann me oss ein fin teltplass, der me laga oss middag på stormkjøkkenet! Etter middag, slappa me av i kvar vår sovepose, mens me spelte yatzy og uno. Herlig kvalitetstid med jento mi.

dovrefjell-9301
utsikt frå vår «andre heim»

Her ved Dovre finnes det jo Moskus som kan bli opp til 410 kg, så eg kjente litt på den spenningen då det begynte å bli natt under teltduken!

dovrefjell-9294
Nok ein nydelig teltplass

Dagen etterpå sto me opp til nok ein fin dag. Varmt i lufta og litt overskya! Denne dagen skulle tilbringast på ein fjellgard, der dei hadde hestar, hundar, kyr, geiter, masse anna små dyr og elg! Jenta mi skulle få ri meir på hest og gledde seg stort! Me reiste avgårde til  Glittersjå fjellgård.

 

 

For min del, så syns eg det var veldig koslig å sjå husdyra og få kose med dei, og veldig kjekt å sjå jenta mi kose seg sånn. Så var det den elgen då! Kjekt å sjå den på så nær hold, men samtidig så er det noko så skurra inni meg! Vanligvis blir eg veldig gira av å sjå ville dyr i naturen, men dette var ikkje heilt det samme når den stor der bak et høgt gjærde. Når me der imot tok bilen å reiste mot Rondane, og fekk oppleve synet av den i villaste naturen, då vart gleda ei heilt anna for min del.

untitled-9790.jpg
Elg i vill natur, var et fantastisk syn. Spesielt å få augekontakt med den!

 

Rondane

Har du kjent at du berre stoppar opp, og du får nesten ikkje ut et ord? Berre står der, vert heilt blank i augene og nyt synet! Når me kom i enden på vegen ved Rondane, så fekk eg ei sånn oppleving! Å sjå det flate landskapet med nydelige toppar i bakkant var et syn for auga.  Me gikk oss ein liten tur, før mørke skyer kom og forandra lyset over landskapet! Me kom oss raskt tilbake til bilen, heiv oss rundt med stormkjøkkenet for å laga mat. I det siste matbit kom i magen, lynte det ned frå tunge, mørke skyer. Ute begynte det og regna, og me koste oss inni bilen med kortspel. Jenta mi sovna, og eg satt timasvis å såg utover det nydelige landet vårt!

untitled-9314
Nydelig nær når me kom til Rondane
rondane-9369
Ut på tur…
rondane-9336
….aldri sur
rondane-9319
Tordenvær på veg
untitled-9584
Tordenværet gikk over, og sola kjempe seg fram dei siste minuttane før solnedgang
untitled-9625
Såg ut som himmelen tok fyr denne kvelden.

Rondane, eg kjem tilbake så fort eg kan! Her må det utforskast!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s