Etter nokre dagar ved Eide og Torvikbukt utanfor Molde, der familie vart besøkt, var det klar for å reise vidare på turen. Dagens mål var Trollstigen, og naturen rundt der! Eg har høyrt rykter om ein nydelig utsikt der, så forventningane var store!
Ut på ettermiddagen reiste me avgårde, og me var framme med kveldstid!



Etter å ha nytt denne nydelige utsikten utover Isterdalen, var det på tide å finne teltplass. Det var tross alt blitt ganske seint!
Sola var på veg ned, og i Trollstigheimen blandt Kongen, Dronninga og Bispen (fjelltoppar) fann me den perfekte teltplassen! Ein flott plass, med mykje ro, så dette måtte berre bli ei god natt.


Å stå opp til strålande sol, i denne flotte naturen. Denne dagen måtte brukast til å gå oss ein tur å utforske terrenget meir.







Når me stor med denne kulpen og bada, kom det ein del ungar og nokre voksne bort til oss. Dei ville kose med Orion, og det fekk dei lov til. Orion la seg på rygg og nytte kosen og oppmerksomheten. Jento mi syns også det var stas å helse på andre ungar, sjølv om dei ikkje klarte å kommunisere då dei snakka engelsk. Desse folka satt sånn pris på møtet vårt, at dei gav jenta mi steinmaling, lim, auge og naser til å lage troll. Gleden var stor, og dette var virkelig noko som satt spor! Og vips, tre nydelige troll vart skapt.

Åndalsnes og Trollstigheimen, takk for oss. Her skal me tilbake og utforske meir ein anna gong!