Ei brunstig oppleving!

Når eg sto opp i dag, trudde eg at dagen skulle bli prega etter ei skikkelig dårlig natt med lite søvn, grubling og smerter. Kroppen var tung, og dørstokkmila var evig lang! Heldigvis for meg, har eg ein hund så krever daglig trim, og som med sitt herlige vesen klarar å motivere meg til tur! Skodda hang langt nedover fjellsida, og eg lurte mykje på kor turen skulle gå!

Alle årstidene har sin sjarm. Hausten for meg betyr mykje fargar, og ei enormt spennande tid i skogen. Hjorten er i brunst, og lenge har eg hatt eit ynskje om å kome tettare på den og høyre når dei lokkar! Ingen aning hadde eg om at det skulle skje i dag.

Orion sin kløv var pakka med godbitar, kamera og ull. Eg hadde bestemt meg for at i dag skulle eg prøve meg på ein ny tur der det ikkje var særlig stor trafikk, nettopp fordi dyrelivet er meir spennande på slike plassar! Me traska oppover i skogen, og det gikk ikkje lang tid før eg skjønte på Orion at hjorten var i nærheten. Nasa hans sto i lufta, og har hadde ein iver utan like. Me kom inn på ferske hjortetrakk, og gikk så lydlaust som me kunne, samtidig som eg lokka på hjorten så godt eg kunne. Etter ein times gange gjennom tett skog, kom me i ein meir opent terreng. Her var det tydlige sår på trestammena etter hjorten! Eg prøvde igjen å lokka, og denne gongen fekk eg svar så det dirra i lufta. Ein bukk med ei grov røyst frå ein anna verden. Pulsen min steig, og eg følte meg plutselig veldig liten der eg stod. Frysningane gikk kaldt nedover ryggen og eg begynte å skjelva. Beina vart heilt nummen av adrenalin, samtidig så måtte eg ha fult fokus rundt meg om han plutselig skulle komme  imot meg! Etter å ha høyrt brøla ein del gongar, og han begynte å komme faretruande nært uten at eg klarte å få auga på han, valgte eg å trekka meg rolig tilbake med tanke på at den kunne ha skada både meg og Orion.

Opplevelsar som dette får meg til å gløyma tid og sted! Det som var på vei til å bli ein skikkelig dårlig dag, vart heller ein dag der eg kom svevande heim igjen til sambuar og barn! Skogen er eit eventyr, ein plass der ingen krav stilles, og for meg min beste medisin!

Her er ein liten film frå dagnes oppevelse! Litt mykje pusting og pesing, men du høyre hjorten godt innimellom 😉

 

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s