Små oppdagingar på Vågsøy

Kannesteinen-6799
Kos på Kannesteinen

Vågsøy og Kannesteinen sto for tur! Nede i ei fjøre skulle denne steinen på tre meter stå, som et kunstverk laga av naturkreftene. Og heilt rett, det var eit fasinerande kunstverk. Kjekt å fotografere, men også ein kjempe plass for ungar å leike. Mange kulpar med masse dyreliv i fanga interessa til jenta mi. Ho veksla mellom å «kvile» på steinen, og  leite etter dyrelivet rundt om kring der. Mange turistar kom ut for å ta bilde og reiste igjen ganske snart, men me vart værande over natta og fikk difor nyta nok ein vakker solnedgang. På kvelden møtte me nokon hyggelige personar som også ville ut å sjå kannesteinen. Dei anbefalte Refviksanden for oss, ei nydelig badestrand med krystallklart vatn som også skulle ligge på Vågsøy.

Kannesteinen-6794
Ikkje store flekken som skal til med gras om ein vil ha flott utsikt

Dagen etterpå pakka me ned teltet og åt frukost i fred og ro, før me reiste avgåde. Me var nygerring på Refviksanden, så det vart dagens mål, men fyrst måtte me ha ein tur ut til Kråkenes fyr.

Kannesteinen-6892
Fjellgeit ved Kråkenes fyr.

I dag var det stille på havet. Det var sjølukt og idyll som tok imot oss på fyret. Tenk å vere her ein stormfull dag.

Kannesteinen-6902.jpg
Flotte turfølget mitt med Kråkenes fyr i bakgrunnen

Refviksanden var til stor glede for jenta mi, med 1,5 km lang sandstrand. Det var mykje leiking, me laga sandslott og koste oss masse.

Denne bildekrusellen krever javaskript.

 

Etter nokre dagar på tur så melder «reingjeringen» seg. Så me kjøpte sjampo, balsam og såpe, og tok oss ein saltvannsreingjering. Kaldt, forfriskande, og fortsatt seig i håret, men likevel deilig. Då kvelden kom, vart det ein fantastisk solnedgang og et magisk lys over Refsviksanden. Det var ikkje fristande å krype inn i soveposen, men søvn må prioriterast når ein skal kjøre bil dagen etterpå. Me våkna opp til tre stk nydelige toppskarv, og eg følte virkelig turen gikk som ynskja.

Refsviksanden-6918
Turens fyrste «reingjering»
Refsviksanden-7213
Tre toppskarv ynskja oss god morgon

 

Følg med vidare for å sjå kor turen fortsett 🙂

 

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s