I år hadde eg lyst å oppleve meir av vårt flotte Norge! Det var ikkje lett å få solgt den ideen inn til sambuaren som trivs best med å nyta utsikten frå familiehuset i Spania på sommaren. Me kom fram til at me kunne dele oss og barna dei fekk velga sjølv. Eg var sikker på at eg kom til å reise åleina, for eg trudde tanken om bassenglivet og is vart for fristande for to små barn! Der tok eg feil. Guten vår ville ned i varmen, mens jenta vår ville på eventyr med meg i Norge. Gleden var stor for min del, at eg skulle vere så heldig å få dele norgeseventyret med jenta mi!
Planleggingen begynte. Drømmen var fyrst Lofoten, men etter kvart som eg kikka på kartet, og rekna på reisetid, fant eg fort ut at Lofoten vart mykje kjøring for ei jente på fem år. I tillegg var det ein heil del eg hadde lyst å utforska nærmare i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Oppland. Etter å ha lest litt, og funne nokon punkt me var sikker på me skulle, fant eg ut at me måtte iallefall ha to veker for å oppleve ting på lista. Fordi om lista med «to do» ting vart litt lang, var det viktigaste av alt å ikkje stresse. Såg me ein flott plass var det viktig for meg å kunne ta seg tid å stoppe og nyte, og ikkje berre kjøre videre fordi me ikkje hadde tid! Dette skulle bli ein ferie der kos og kvalitetstid var høgt prioritert.
Ferien nærma seg med stormskritt, og eg var igang med pakkinga. Når ein skal på norgesferie, må ein virkelig pakke for alle årstider! Planen var å sove i telt i utmarka, og ha bilen som kriseløysing dersom torevær og liknande. Eg hadde virkelig lyst å vise for meg sjølv og andre at det er mulig å ha ein fantastisk ferie uten å bruke mange, mange tusen.
Pakkeliste for vår telttur i Norge:
- Telt ( eg hadde to telt med meg. Ett firemanns-, og et tomannstelt. Sio eg hadde muligheten til dette, ville det forhåpentligvis bety alltid et tørt telt)
- Liggeunderlag x 2
- Soveposer x 2
- Stormkjøkken
- Dagstursekk
- Langtursekk
- Vatn
- Litt bøker og leiker
- Mat til dei fyrste dagane
- Ullklær
- Skallbekledning/regnjakke
- Boblejakke
- votter, hue, hals
- Ullsokkar
- Joggesko, tursko og støvlar
- Kamera med tilbehør
- Kjølebag til å ha i bilen
- oppvaskekost, og oppvaskemiddel
- toalettsaker
- solbriller
- nødladar
- kart
- Hundemat
- Hundekløv
- Hundeskål
- Hundekost (ein samojed krever sitt pelsstell, men også lettare å reingjera han med ein kost)
Dette var det viktigaste me hadde med oss. Selvfølgelig vart takboksen proppa full av andre unødvendige ting som «var kjekt og ha med», og det var greit det så lenge det var plass. I bilen hadde me også ei overmadrass som me bretta i to og hadde som liggeplass dersom det vart behov.
Eg hadde gleda meg lenge til turen, men ca tre dagar før avreise så fekk eg ein stor klump i magen. Herlighet, kva hadde eg gjort? Eg kom sikkert ikkje til å klare dette. Ingen å finne løysingar sammen med, ingen å rådføre meg med. Mange destruktive tanka dukka opp. Tenk om eg ikkje fann plassar å sove, at me måtte gå mange kilometer ut i villmarken for å finne overnattingsplass. Tenk om jentungen følte norgesferie var total krise, kanskje ville ho kjede seg sammen med meg. Eg skulle vere femten dagar frå guttungen og sambuar, eg kom jo til å savne dei så innmari masse. Koffø skulle eg no absolutt reise ein anna veg berre fordi eg hadde lyst å oppleve meir av Norge, hadde eg vert egoistisk?
Heldigvis for meg så har eg ein støttande og motiverande sambuar, så me kom oss avgårde. Og etter nokre timar kjøring var me ved Bremanger. Og det fyrste som fekk meg til å stoppe, var Hornelen. Dette er den høgaste sjøklippa i Europa, og for et syn. Denne gongen nytte me det kun frå vegen, sidan me hadde andre mål i sikte i Bremanger. Me kjørte vidare, og då me kom fram var det blitt kveld.

Me kjørte ut til Grotlesanden for å finne overnatting. Me hadde tenkt å slå opp teltet, og nyte ein flottare solnedgang, men dette viste seg at det ikkje skulle vere så lett. Når me kom ut til grolte, prøvde eg snakka med to eldre karar, men dei nekta å svara! Då tenkte eg, ånei, tenk om turen vår skal fortsette sånn. Me satt oss for å eta kvelds på nokre benkar ved badeplassen der ute, og kom i prat med to hyggelige lokale damer. Dei kunne fortelje meg at grunneigara likte ikkje at det vart nytta telt der, og at dei ville nok ikkje ha sove i bilen heller, i frykt for å bli jaga der ifrå.
Eg og jenta vår bestemte oss for å nyte solnedgangen, og leike litt (det var det behov for etter ein del timar kjøring). Deretter reiste me litt tilbake og krøyp inn i bilen for ein god nattesøvn.


Drømmen om Vetvika
Dag nummer to på turen var kommet, og dagens mål var å få sjå den værsjuke Vetvika. Vetvika er et paradis, men for å kome dit må ein gå over fjellet. Me våkna opp til nydelig vær. Eg begynte å pakke sekken og kløven til Orion, og sidan eg var usikker på om det trengtes overnatting eller ikkje så tok eg med telt og full pakke. Eg hadde jo mest lyst til Vetvika for å overnatte der, men så visste eg også at om været slår om, kunne Vetvika vere skremmande. Me gikk frå Svarstad, og ca 15 km låg framfor oss. Turen starta på grusveg, og høgdemeterane kjente me ganske godt i den steikande sola. Etter cirka ein times gange, kom det ein bil kjørande opp der. Han stoppa, lurte på om me sleit med motivasjonen, og om me ville sitje på opp. Å sidan denne grusvegen ikkje var særlig anna enn slitsom, så takka me ja. Hyggelig mann, med plass til både meg og jenta mi, Orion og stor sekk, det er berre ein ting å seie, tusen takk for skyssen. Han satt oss av et stykke lengre oppe, der me begynte å gå på stien. Eg var litt i tvil på om me ville klare turen, sio eg skjønte kor langt det var. Eg valgte difor å spørje nokre lokale folk som var på same turen som oss, om det var langt igjen for å kunne sjå Vetvika, og det var det ikkje. Dei gav oss motiverande ord, og jenta mi fekk ny energi til å nå målet. Ho hang seg på dei, og eg kom som et pesande slips et stykke bak.
Etter me var komme oss over Karihaugen, begynte nedstigninga mot Vetvika. Eg kjende det kribla i magen, eg var så spent på synet som kom til å møte oss. Me fekk fyrst nydelig utsikt utover havet, og jo lengre ned me kom, jo villare vart naturen. Og nede på ei klippa, kom me oss ut på kanten og såg Vetvika. For et syn!

Her som dette bilde er tatt, valgte me å ta oss ein god matpause. Eg måtte gå i tenkeboksen. Me hadde begge lyst ned å bade på den nydelige stranda, men fornuften og magefølelsen min sa at eg skulle ikkje strekke det lengre. Eg begynte å kjenne det godt i ryggen etter ei god last i sekken, i tillegg var eg åleina på tur med jenta mi og om noko skulle skje var det langt for å hente hjelp. Siste stykke ned var ifølge dei lokale ganske bratt, og enkelte parti var vanskelig. Ein ting var å gå ned, ein anna ting var å komme oss heim igjen. Eg fulgte magefølelsen, og bestemte at eg heller får reise tilbake ein anna gong. Ein drøm vart likevel oppfylt då me fekk sjå Vetvika med eigne auger. Me retunerte til bilen, og tok oss et godt bad på Grotlesanden, før ferden gikk vidare mot Måløy. Følg med 🙂
