
Me våkna opp ved Litlesteinvika, Remøy. Ute var det blikkstille, einaste ein kunne høyre var fuglar og makrellen som vaka i sjøoverflata. Betre måte å våkne til skal ein leite lenge etter. Me var spente på dagen som me hadde gledd oss lenge til, nemlig Runde og dyrelivet som høyrer til her. Jenta mi hadde sett på barne-tv om lundefuglar, og ho var ekstra spent på om dei var så flotte som på tv. Me hadde veldig lyst ut i båt for å få oppleve fuglelivet frå sjøen, så me reiste til Goksøy camping for å høyre om dei kunne tilby noko båttur, og det kunne dei. Sidan det var blikkstille innaskjærs, satsa me på å ta fyrste båten som gikk, og det var klokka 13. Dei bak skranken lova oss at me fekk sjå et yrande liv av lundefugl og masse anna fugl. Orion fekk me dessverre ikkje lov å ha med oss, så han fekk seg ein god luftetur før me reiste ut med båten.

Klokka var blitt 13, jenta mi sto på kaien å trippa og trippa, og endelig var det klart for ombordstigning. Saman med kapteinen og utenlandske turistar frå alle kantar var me endelig på veg! Båtturen starta ganske rolig og idyllisk, men dønningane vart større og større jo nærmare me kom lundeura. Den fyrste fuglen me møtte på var ei Havsule. Fin og vakker, men plutselig tok båten ein heilomvending, og kapteinen ropte ut til oss, «når eg ser ei havsule svømmande åleine på denne plassen, veit eg at noko er galt. Og han hadde heilt rett. Havsula var innsurra i nylontau. Eg kjente eg vart forbanna. Atter ein gong er det me menneskjer som har gjort det vanskelig for naturen. Den flotte havsula hadde tau ifrå munnen og ned under beina, og me måtte redde ho. Med store dønningar, ei snekka som ikkje var rask i vendingane og ein båtsak, skulle dette visa seg å bli vanskelig. Havsula var svømmedyktig fordi om ho var innsulla i nylontau. Etter utallige forsøk på å få tak i ho, var kapteinen på veg til å gi opp. Han tilkalla forsterkninga ifrå land som skulle komme ut å ta seg av saken med ein litt meir håndterbar båt. Eg syns det var vondt å skulle reise ifrå fuglen, så eg klarte ikkje å dy meg: «kor mange grader er det i sjøen?» sa eg. Eg fekk til svar at det var så kaldt at det var for kaldt for meg. Han viste nok ikkje kven han hadde med seg ombord, men eg fant ut at det var best å lya kapteinen, og eg måtte ta meg av dattera mi som hadde blitt sjøsjuk etter all den romsteringen. Eg beroliga meg sjølv med at han hadde tilkalla hjelp.
Havsula me prøvde å redde
Vel framme der det virkelig flaksa rundt oss på alle kantar med fugl, hadde jento mi sovna stakkar. Ho låg på benken, og sov, mens eg støtta ho med beina mine og prøvde å nyte båtsafarien så godt som eg kunne. Heldigvis for meg, så har eg stødige sjøbein, så fotografering gikk som smurt. Når kapteinen førte oss nært land der ein fuglebestand av toppskarv sto, og såg oss djupt inn i augene med dei grønne augene sine fekk eg frysningar. Snekka var så nært land at eg kunne tatt på svaberga, for ein kontroll kapteinen bar roret hadde. Vidare kjørte han oss inn i ei grotte med båten, der dønningane skylte oss i takt opp og ned langs svaberga, men på trygg avstand. Inni grotta kunne ein kjenne ein skikkelig lukt av sjø, blanda med fisk og fugl (gla eg ikkje var ein av dei båtsjuke inni der, og endå meir glad for at jenta mi sov seg gjennom det når ho fyrst skulle bli dårlig).

Likevel var det ikkje berre fryd ute ved storhavet. Oppe i dei bratte fjellsidene, der tusenvis av fuglar hekka, møtte eit trist syn oss. Eit syn eg var forberedt på gjennom media, men så alikevel fekk meg til å tenka.

Over: litt fleire bilder frå båtturen
Vel inne på land igjen, hadde jenta mi fått fargen igjen i fjeset, og sa til meg at det var ein kjekk tur fordi om ho vart sjøsjuk. Det ho huska best frå turen var den havsulen som hadde tau på seg, og var veldig opptatt av at «mannen skulle redde han»! Me gikk å kjøpte oss is, og stemningen var god, likevel var ho stille og tankefull. Eg kjente eg vart litt stille sjølv også, var eg fornøyd med Runde og fuglelivet no? Ja, ein stor opplevelse å vere i båt, men me hadde ikkje fått sett tusenvis av lunder som me hadde gledd oss sånn til, og jenta mi hadde jo sove vekk nesten heile opplevelsen. Eg spurte ho rett ut: » – Er du skuffa? » ja», kom svaret rett frå hjerta hennas. «mammo, eg såg nesten ingen lundefuglar» sa ho. Det var då eg bestemte meg, at ho skulle få ein bedre opplevelse av Runde som ho hadde gledd seg sånn til. Eg hadde høyrt at på kvelden, i 20 tida, skulle det kry av liv i lundeura. For å komme til lundeura på land, måtte ein fyrst gå ein fjelltur opp på ca førti min, og det var ho kjempe gira på. Me pakka sekken med varme klær, kvelds og drikka, og tok beina fatt. Turen starta ganske bratt, men etter nokre høgdemeter flata det meir ut og me gikk på ein flott sti med mykje myrull rundt oss. Såg ein ekstra godt etter, såg ein Storjoen stå uredd ved reiret sitt. Me nærma oss lundeura, og der var det tydeligvis fleire som var klar for oppvisning frå blandt anna lundefuglen.

Eg tenkte, off. Må eg stå i kø for å få sjå ein lundefugl sammen med dattera mi, eller korleis blir dette. Me gikk ned, og der satt det mennesker tett i tett langs wiren som advarte oss om fuglereservat, og som me ikkje fikk gå over. Etter litt om og men, fann me oss ein plass der me fekk god utsikt nedover ura som gikk heilt i havet. Me satt oss ned, og eg la merke til ein merkelig stemning ute på kanten der. Det var heilt stille, ingen sa et ord, og det var så stille blandt alle folka at eg turte nesten ikkje puste. Alle kviskra, tok bilder og nytte synet av tusenvis av lunder som suste avgårde i lufta. Under oss kom sto det også ein heil del, og viste seg fram. Noko så vakkert! Meg og jento mi såg på kvarandre å berre smilte, eg måtte gi ho ein klem. Eg kjente inni meg at fordi om klokka ville bli masse i kveld, så ville det bli så verdt det. Under oss var det det masse jordhuler som lunden lager til når dei skal hekke, og stadig kom det lunder fykande i ein stor fart med sild i nebbet. Utrulig raske bevegelsar, og rett inn til ungen med silda, eg hadde ikkje tjans å fange det med kameraet mitt, men mange andre bilder blei det.

Klokka nærma seg 23:30, minnekortet var fult og batteriene tomme. Me sa oss fornøyd med ein fantastisk opplevelse og rusla ned igjen frå fjellet!
Håpar dykk syns det er kjekt å lese om turane, og at dykk får lyst å reise sjølv. Dette er ein opplevelse eg anbefaler alle. Om du skal på båtsafari, anbefaler eg å booke plass på den seinaste båten, då det er det mest liv både på fjellet, lufta og ved sjøen.