Etter ein blindtarmsoperasjon var eg endelig klar for å gå på lang tur igjen! Ungane var levert i barnehagen, og eg hadde endå ikkje klart å bestemme meg for kor eg skulle gå! Eg ville opp i høgden, men følte meg ikkje klar for å vasse i snø. Eg visste at smørstakken var nærast snøfri, eg kom også då til å kome opp i høgda!

Smørstakken vart dagens mål, der turen starta frå Helle! Ein tek til venstre (om ein kjem frå Stanghelle ) ved togovergangen, og fortsett på ein grusveg forbi to hus, og vidare opp i skogen. Ganske tidlig skal ein krysse elva, og begynne å sanke høydemeter. Stien er tydeleg, men kan vere glatt og sleip. Ein føl elva oppover, til ein møter på skilt som visar til Smørstakken (hold venstre), storafjellet og hestafjellet (høgre)! Etter skiltet, skal ein igjen krysse elva og no kjem ein opp i ein kosleg skog, myrområder, og det flatar ut. Er ein redd for å bli våt, må ein ha gode tursko! Her begynner spenningen for min og Orion sin del! Eg veit frå tidlegare erfaringar at her er det mykje hjort, det er alltid mykje hjortebæsj, og hjortetrakk.
Me går alltid så stille som mogleg når me er på tur, og i dag lønna det seg virkelig. Etter eit stykke i det flate terrenget, nærma me oss postkassa, då ser me ein hjort som plutselig spring. Koslig, men eg tenkjer med meg sjølv at no ser me ikkje fleire hjortar på denne turen. Der tok eg feil. Etter me hadde skreve oss i postkassa, gikk me vidare mot høgre for å komme oss heilt opp på toppen der utsikten er fantastisk. Opp desse siste høgdemeterene, er det dårlig merka, så hold godt auge med dei raude merka! Frå postkassa bruker ein alt ifrå eit kvarter til cirka tretti minutter, kjem an på farten oppover.
Me gikk på oppover mot smørstakken, og då me kom til dei ti siste høgdemeterane, stakk
eg hovudet over ein liten knaus. Der sto eg og Orion ansikt til ansikt med ein stor hjort. Eg, Orion og hjorten sto å måpte, før hjorten sprang avgårde! Eg kunne knapt tru mine eigne auge! Hadde hjorten hatt gevir, kunne eg sikkert tatt på den. For ein opplevelse! Blodet brusa i heile kroppen, og eg berre smilte. Fekk det selvfølgelig ikkje på bilde. Nett så eg berre kortslutta, og ikkje klarte å reagera! Men, minne for livet, det vart det. Me gikk lett som berre det opp dei siste høgdemeterane, og nytte synet.
eg hovudet over ein liten knaus. Der sto eg og Orion ansikt til ansikt med ein stor hjort. Eg, Orion og hjorten sto å måpte, før hjorten sprang avgårde! Eg kunne knapt tru mine eigne auge! Hadde hjorten hatt gevir, kunne eg sikkert tatt på den. For ein opplevelse! Blodet brusa i heile kroppen, og eg berre smilte. Fekk det selvfølgelig ikkje på bilde. Nett så eg berre kortslutta, og ikkje klarte å reagera! Men, minne for livet, det vart det. Me gikk lett som berre det opp dei siste høgdemeterane, og nytte synet.
Eg hadde ikkje kamerastativ med på denne turen, så kameraet hang eg opp i eit tre. Eg og Orion gikk på tuppen, og etter kameraet var ferdig med sine ti eksponeringar, satt me oss ned og nytte utsikten. Mens eg satt der, kunne eg knapt tru mine eigne auge! Der kom det ei ørn siglande forbi kanten, og me såg kvarandre djupt inn i augene. Eg stoppa å pusta eit øyblikk. Hadde eg tatt sats, kunne eg klart å hoppa oppå ryggen hennas. Eg var heilt sjokkert. Fyrst hjort rett framfor fjeset, så ei ørn svevande rett framfor meg, og dette i fjellene rett bak huset mitt! Denne dagen skal eg leve lenge på! Turen ned igjen, gikk både eg og Orion svevande av glede bortover stien! Anbefaller turen på det sterkaste.

Rett etter dette bilde vart tatt, satt me oss ned for å nyte utsikten. Då kom ørna svevande forbi oss! Utsikt over veafjorden, stanghelle (på venstre side) og Osterøy (høgre side)

Nydelig utsikt innover veafjorden! Ein kan sjå kaldestadbrua på finværsdagar!
Thank yoou for sharing this
LikerLiker