Eit møte eg seint vil gløyma!

Spekkhoggar i Hardangerfjorden

Ei lita veke i barndomsparadiset, Ålvik i Hardanger, gav mangefine opplevingar. Her er ei av dei! Eg sto på kaien å rydda i tauverket, måtte rydda plass til å ta springfart for å hoppa i sjøen. Ute på den spegelblanke fjorden, låg nisene å leika seg. Dei heldt på lenge, og til slutt klarte eg ikkje motstå dei lengre. Eg gikk inn for å henta kamera, for å så ta gummibåten utpå. Eg tok det roleg ut med båten, stoppa motoren, og satt meg for å venta. Eg venta og venta, men det var ikkje ei nisa å sjå. Kva hadde skjedd? Dei har aldri blitt skremt av båten før. Eg tok båten inn igjen, og synest dette var underleg. Ungane mine, eg og mor mi bestemte oss for å reise på butikken. Me rusla saman oppover, mens eg speida ut på fjorden. I det eg skulle setja meg inn, ser eg ei diger, verkeleg diger, ryggfinne.
Ikkje av dei største, men iallefall ei ryggfinne.
Eg visste det hadde vert spekkhoggarar i Hardangerfjorden tidlegare, så utan forvarsel ropte eg så høgt at heila vika kunne høyre det: «spekkhoggarar»!! Sprang så fort beina kunne bæra meg, for å hente kameraet. Vel oppe igjen i bilen, kokte det i hovudet på meg, kva gjer eg no tenkte eg! Skal eg ta den vetle båten med sine 270 centimeter, eller skal eg køyre ut på næraste nes?! Måtte ringja far min, og fekk beskjed om å vente til han kom. Kvart sekund tok ein evigheit, no måtte han komma før dei passerte neset. Eg klarte kanskje venta eit minutt, då klarte eg ikkje meir. Spekkhoggarar er noko av det finaste eg ser. Ringte far min å sa: «eg kan ikkje venta eit sekund til, eg tek bilen, me møtes på tippen». Framme på tippen, tok eg ungane med ut for å sjå på dei fantastiske kvalane. Dei kom mot neset, spruten sto opp i lufta av pusten deira, og eg høyrte lyden som gav frysningar heilt ned i tæra. Dei kom nærare og nærare land, eg kunne sjå minst fem stykk. For ein følelse, og for nokon majestetiske dyr. Med ein toppfart på rundt 50 km/t, for dei utover Hardangerfjorden, og me følgde etter frå nes til nes med bil. Eine plassen me stoppa, klarte eg ikkje dy meg. Når eg møtte spekkhoggarar i påsken 2015, angra eg så mykje på at eg ikkje tok hovudet under vatn og lytta etter signal frå dei. Så når eg no fekk sjansen, la eg med ned på berget, og tok hovudet under vatn, men eg høyrde dessverre ingenting. Eg reiste meg opp igjen, tømte lommene for nøklar og diverse, tok sats og stupte uti. Har alltid hatt ein draum om å bade med spekkhoggarar, så fordi om eg ikkje oppnådde det, så fekk eg i alle fall symje i same fjord med dei, berre at dei var lengre ute. Oppe på land igjen høyrde eg jento mi på fem år seie til besto si «mammo blir alltid heilt galen når ho ser spekkhoggarar, ho miste heile kontrollen». Eg måtte le litt. Ja, eg blir kanskje litt galen og enormt engasjert, men eg tenkje det er litt sunt og.
Kvalane fortsette utover fjorden, mens ungane begynte å bli lei. No ville dei ha mat. Eg var søkk våt, hadde jo ikkje tatt med byteklede. Heldigvis tok besto ansvar, «no tek eg ungane, så får du og far din fortsetje på eventyret» sa ho. Eg hadde håpa på å få sjå dei endå nærare, så me fortsette. Ved neste nes, var sjansen stor for at dei kryssa fjorden, eller kom på innsida av ei øy, og ville difor komme nært land. Me stoppa og sprang ned til sjøen, men kor var det blitt av dei? Heilt nede ved sjøkanten sto eg å speida, og håpet begynte å siva ut av meg. Plutseleg sto spruten i været igjen, og denne gongen nærare enn noko gong. Dei var så nære land, at hadde eg tatt fart og hoppa, hadde eg landa på ryggen deira! Herlighet. Eg kortslutta heilt, gløymte å ta kamera på autofokus, så bilda vart litt uklar, men for ein oppleving. Ei oppleving eg aldri vil gløyma.
Me reiste på neste nes og ynskja dei velkommen tilbake frå cirka tjue meters hold. Denne opplevinga skal eg leve lenge på, og eg kjenner endå at det kriblar av glede i kroppen!
Flokkdyr

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s