Mi fyrste vinterovernatting på fjellet!

Det ser så deilig ut. Den klare stjernehimmelen, den glittrande snøen og det magiske vinterlyset.Mange utenetter på vår, sommar og haust er allerede gjennomført, også vinterstid, men då ikkje lenger vekk enn hagen til svigers, eller terassen. No var drømmen å telte i «kvitt gull» på fjellet.
Meg og Orion nyt siste kveldslyset før me kryper inn i teltet.
 
Det var november 2017. Teltet og liggeunderlag var allerede i boks, eg mangla kun vintersoveposen. Eg klarde ikkje vente meir, eg måtte ut å sove, og det fort. To posar opp i kvarandre måtte jo gå bra, det hadde jo gått bra heime på terassen. Eg begynte planleggingen – Kva skal vere med? Kvar skal eg liggje? Snøpluggar til teltet? Sidan det var fyrste vinternatt i fjellet, valgte eg å ikkje legge meg alt for langt vekke ifrå bilen. Samtidig så ville eg føle litt på «villmarksfølelsen». Difor måtte det bli ved Hamlagrøvatnet, Bergsdalen. Dette var et område som eg var godt kjent i, det var høgt oppe på fjellet, og eg trengte ikkje gå «milavis» for å finne ein fin plass.
 
Dagen var kommet. Ute snøa det masse. Utstyr og klede måtte pakkast:
 
Pakkliste:
Soveposar x 2                                                                                                Hundemat
Liggeunderlag x 2 (Orion måtte jo også få et lite underlag)                Stormkjøkken
Gass                                                                                                                 Fyrstikker
Varmeflaske                                                                                                   Mat
Kniv                                                                                                                 Kamera
Vanntett pose med masse ullklede                                                           Pulk med drag
Hovudlykt x 2                                                                                                Votter x 2
Trekksele til Orion                                                                                       Hue
Termos                                                                                                            Hals
Kakao                                                                                                              Turøks
Lyslenke
Ute snøa det fortsatt mykje.vinternatt-8420
Vinterpluggar – Kva gjer eg med det? Eg reiste på trevarehandelen her i nærleiken, såg etter kapp av lekt og spurte om eg kunne få nokren. Det var ingen problem. Så takk til dei 🙂 Desse lektene laga eg ein liten spiss på, og satsa alt på at dette skulle fungere.
Eg og Orion reiste avgårde. Eg var spent. Tenkte mykje på om teltet ville stå med lektene eg skulle laga snøpluggar av, og ville eg klare å holde varmen? Me kom fram, pakka i pulken, og gikk avgårde. Det var mykje snø, men heldigvis var det hardt å gå på. Etter cirka femten minuttar gange, fann me ein fin plass å slå opp leir. Det snøa fortsatt godt, så eg starta med ytterteltet. Spikka ein liten spiss på lekta, og slo den ned i snøen. Det fungerte supert! Mestringsfølelse å laga sine eigne snøpluggar, og det heilt gratis.
untitled-8485.jpgDet stoppa å snø, og eit nydelig vinterlys gjorde landskapet magisk. Sidan eg er veldig glad i å fotografere, brukte eg naturligvis mykje tid på dette. Plutselig var det mørkt og stjernene blinka så fint ned til meg, der eg satt i teltopningen med Orion. Stunder som dette gjer at eg gløymer alt. Tid og stad. Alle bekymringar og negative tanka blir drukna av herlige inntrykk frå naturen.
No slappar eg av.
Etter kvart måtte eg krype i soveposane for å halde varmen. Fyre opp stormkjøkkenet og lage noko varm mat og kakao. Dessverre gløymde eg å pakka fyrstikkene ned i plastposen igjen. Når eg då var klar for å leggja meg til å sove og skulle fyre opp vatn til ei god og deilig varmeflaske, var fyrstikkeska blitt våt. Pokker! Det betydde ingen varme til dei kalde hendene. Ingenting anna å gjere enn å stikke hendene godt inni orion sin pels. Og så sovna me godt begge to.
 
Morgonen kom, etter ei god nattesøvn. Det begynte å kribla i kroppen, eg var stolt, stolt over å ha gjennomført mi fyrste vinternatt i fjellet! Eg mestra noko! Det å kjenne kriblingen og stoltheten igjen, var fantastisk. Følte det vart 1-0 mot kroppen som jobbar imot meg. Dette skal gjerast fleire gongar.
 
Vel nede frå fjellet igjen, møtte eg to spente ungar i døra. Dei hadde stått å speida i glaset etter meg. Heilt ærlig, så var det skikkelig godt i hjerta å fortella ungane at eg hadde klart det. Virka som dei beundra meg og var stolt over å ha ei tøff mamma.
 
Det må til slutt nevnast at vinterovernatting i telt har fleire fordelar, ingen mygg, ingen skit å dra med seg inn i teltet og snø som kan smeltast til vatn rett ved soveposen. Så til dykk som sitt der ute å har lyst, men ikkje vågar heilt. Hiv dykk i det! 😀
Fantastisk teltutsikt å våkna opp til.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s