Barn på tur!

Mange har spurt meg korleis eg får ungane så mykje ut på tur. Her er noko av erfaringane eg har gjort med mine barn 🙂

ma jo-6512.jpgUngane og Orion speider utover veafjorden i frå middagshaugen.

For å få et vellykka friluftsliv med barna mine, er det nokre punkt som har vert viktig. Tolmodighet, motivasjon, og at dei får vere med i planleggingen.
Sidan eg vart heilt avhengig av turar i naturen, vart det heilt naturlig å få ungane med på det. Der er for det fyrste veldig kjekt å dele opplevelsen saman med dei, og dei har utrulig godt av det! Allerede når me snakkar om å gå oss ein tur, får eg dei til å bli med å engasjere seg. Eg spørr kor dei har lyst å gå, eg spørr om dei har noko dei ynkjer å ta med, f.eks ved til å lage mat, ei hengekøye til å slappe av i, rumpeakebrett til turen heim igjen, osv. Når dei har bestemt seg for turmål, så pakkes sekken etter det. Lang tur, så må ein ta med mat og drikke, kanskje varme klær. Går me ein kortare tur, kan kanskje noko leiker erstatte plassen i sekken.
Klede
Kva klede velger ein til barna når ein skal på tur. Eg har iallefall skjønt ein ting, ikkje ta på dei for mykje. Tjukk dress er aldri ein lur ting å tvinge på barna mine iallefall. Det blir tyngre å gå, bevegligheten vert mindre og dei vert gjennomvåt av svette. Me pleier kjøre to sett med ull, og parkdress utanpå. Ta heller med varmare klede i sekken, og juster med dei. Og som alle seier, ull er gull.
Når turen startar
Eg merkar ofte at allerede i starten er det tungt. Dette er nok som hos oss foreldre også, før ein vert varm i kroppen, er det alltid litt tungt. Då er det viktig å ikkje bli oppgitt, men heller motivere og få dei til å fokusere på andre ting enn motbakken. Veit du det kjem eit skilt, så gjer dei oppmerksom på at dei kan sjå etter skilt og sjå om dei finn ut kva veg dei skal gå. Dette er alltid ein slager hos oss. Når skiltet blir oppdaga, bobler dei over av mestringsfølelse 🙂 Etter litt får dei opp farten. Eg har jo som oftast lyst å nå målet som me har satt, men husk å ikkje tvinge dei viss dei blir veldig sliten. Eg pleier å fortelle meg sjølv og barna, det er turen ut som er viktig, ikkje at me alltid når fram. Står du likevel nokon høgdemeter under toppen, eller nokon meter ifrå målet, så er det kjedelig å gå seg. Eg pleier å vurdere om eg kan klare å presse dei litt, men ikkje med å sei, GÅ, me skal opp. Eg tenker igjen på å få fokuset vekk frå at dei er sliten. Spring å gjøm deg bak ein stein, og engasjer dei i gjømsel langs stien. Syng med barna, eller som eg også pleier å gjere som fungerer veldig bra, la dei få lov å kaste snøball på deg (men då kun på ryggen min). Dette syns barna er kjempe morsomt, og iallefall når eg later som eg detter ned. Kanskje er det nokon spennande ting langs stien, ein sopp, et løye tre osv. Ta fokuset vekk, og før dei anar det, har dei bestege siste bit/gått siste kilometeren, og dei strålar opp av stolthet.
Og for all del, ikkje kjør på med lange turar kvar gong. 🙂
untitled-1667.jpg

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s