
Eg er oppvokse med hundar i barndommen min, og drømmen om å få sin egen hund som voksen har alltid vert stor. Einaste som har stått i vegen, er at sambuaren min har vert redd hundar. Likevel forsto ho kor mykje ein hund ville bety for meg, og spesielt no etter livet var endra! Frilufsliv vart ein del av min kvardag, så ein turvenn hadde vert perfekt å ha! Etter ein samtale med søskenbarnet mitt og møte med hunden hans, var eg ganske sikkert på kva rase eg ville ha. Samojed. Eg er voksen opp med schæfer og riezenschnauser, så ny rase skulle bli spennande. Eg begynte å sjekke litt, og forsto at samojed var det ventetid på, lang ventetid. Likevel, så fekk eg ein telefon frå kennel Olybka (som eg tidligare hadde mailet med) ein torsdag. Det var komme inn ei avbestilling. Hunden var leveringsklar allerede søndag samme veka! Etter me prata litt i heimen, bestemte me oss, Orion skulle bli vårt nye familiemedlem. Eg var i lykkerus – barna også! Sambuaren gleda seg, samtidig som ho syns det var skummelt, og det skjønner eg. Likevel var ho engasjert, noko som eg er utrulig takknemmelig for. Ho fann også det beste navnet, Orion, etter Orionsbelte. Ungane fekk lov å male å gjøre det koslig på «rommet» hans under trappa.
Dagen var komme, 4. desember. Den vetle pelsdotten skulle hentes! Eg og sambuaren reiste til Oslo for å hente han. Allerede etter fyrste tissepause, fann me kjemien. Han forsto kven som var ledaren i den nye «flokken» hans. Han fotfulgte meg over alt, og søkte kontakt! Etter ein lang tur heim, var spenningen stor når me skulle vise han for barna. Dei var heime med besteforeldrene og venta, og venta.
Me parkerte, kom inn i gangen, og der satt det to spente barn! Orion gikk rett bort å sleika dei på hånda! Kjærlighet ved fyrste blikk ❤
Kjære sambuar, eg er ufattelig glad for tilliten, og for at du var villig til å jobbe med deg sjølv for at me skulle få dette til. Eg er evig takknemmelig. Dette er noko av det største du har gjort for meg ❤

Orion, min aller beste venn ❤