Min fyrste tur i høgfjellet på vinteren!

høgabu-1636.jpg

11 januar 2016! Etter mange turar i nærområdet ville eg utforske terrenget meir. Eg ville opp i høgden også på vinterstid. Sekken vart pakka med boblejakke, eit par vedkubber, mat, og litt drikke. Himmelen var knallblå, og det var kuldegrader. Barna vart levert i barnehagen, og eg satt meg i bilen for å reise til Bergsdalen. Høgabu var målet. Ikkje hadde eg ski, ikkje truger, men fjellsko. Høgabu på fjellsko i januar, skulle nesten tru det var umulig. Eg var full av optimisme, og begynte å gå! Når eg etter litt hadde nådd fyrste varden, forsto eg at vinterfjellet skal ein ha respekt for.
Eg begynte å tenke på snøskred, tenk om eg ikkje fann vegen heim igjen, hadde eg for lite klær? Eg satt meg ned, fyrte på vedkubbane, lagde meg ein kakao, og skulle til å begynne på maten! Der kom det ein mann gåande, han også berre på fjellsko! Etter ein god prat, dar eg innrømte at eg ikkje var trygg i vinterfjellet, tilbode han meg å slå følge! Etter praten me hadde hatt, forsto eg at dette var ein kar som var trygg på fjellet. Eg tok sjansen og heiv meg med! Vidare oppover var det skaresnø, glatt, men deilig å gå uten å dette ned i snøen for kvart steg. Etter kvart som eg gikk, jo finare vart det! Et magisk lys, og ein stigande mestringsfølelse! Då me var nesten ved Høgabu, ville «den ukjente mannen» opp på ein topp like ved, Gråfjellet (1057 moh). Eg begynte å bli sliten, men eg fann styrke nok til å komme meg opp på toppen! Hendene vart strekt så langt opp i været som eg kunne – for et vakkert syn å sjå over dei snøkledde fjella! Mestingsfølelsen bobla over, og det var her eg bestemte meg. Snøen skal IKKJE vere et hinder for at eg skal komme meg opp i fjellet!
Eg skilte lag med mannen, han skulle vidare, og gikk åleina heim igjen. Lett og fin i kroppen, og med ein opplevelse for livet. Til mannen der ute, tusen hjertlig takk for ein fantastisk tur 😀
høgabu-1659.jpg

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s