
Ungane, Orion og eg er ute for å sove i det nye teltet vårt. Hedlersdalen (Ålvik) i Hardanger. Her går det skogsveg heilt opp.
Her vil eg dele nokon erfaringar med utstyr og triks eg har lært meg oppover tida. Kanskje er det andre som sitter der ute, som har ein skade eller ein «vondt» ein plass. Ingenting er kjekkare om desse råda kan vere til hjelp.
Som nevnt i innleget «For å vere sterk, må ein tørre å vere svak» , så begynte turane i det små. Einaste eg hadde med meg på dei fyrste turane var pulsklokka og telefonen! Så vart eg meir og meir engasjert, og det vart meir og meir utstyr. Det kunne bli utfordrane med skulderproblem.
Ryggsekken!
Det fyrste eg måtte finne ut av, var korleis eg kunne klare å bære sekken med vekt i, utan å verke for mykje etter turen. Fyrst prøvde eg med små sekker som hadde ei lett egenvekt. Desse var ikkje god plass i, i tillegg til at all vekta hang på skuldrene. Dette var irriterande for eg ville så gjerne ha med meg litt mat, drikke, og speglreflekskamera som eg var blitt avhengig av å ha med på tur. Eg leita heime, og fann ein berganssekk som eg hadde kjøpt til sambauaren min tidligare. Eg «knabba» den. Den hadde ein del plass og var behagelig å ha på. For å kunne fylle sekken og klare å bære den i nokon timar, vart kunsten å stramme magereimene hardt rundt magen. Dette gjorde til at sekken ikkje låg på skuldrane. Eit triks som er gull verdt for min del. Eg er heilt avhengig av den sekken. Uansett kva eg skal, er det den sekken eg må bruke. Så tipset er, kjøp ein behagelig sekk med gode magestropper på.

Ski, eg vil på ski!
Vinteren var alltid meir utfordrande å gå i terrenget. Den djupe snøen begrensa turmulighetane til fots. Eg vil på ski,
men korleis ville det vere med vond skulder? Fyrste turane gikk dårlig, med mykje verking etter turen. Men eg ville ikkje gi meg. Det var då ideen kom. Trekkhund. Ein som kunne hjelpa meg
opp og fram på ski, og i tillegg kan hjelpe meg å bære utstyr når snøen er vekk. Det vart lesing, tenking og masing på sambuar. I desember 2016, endte eg opp med verdens beste turvenn og kosebamse, samojeden Orion. Etter mykje trening og mykje kos, klarer han i dag å trekke
meg på ski. Ikkje alle kan skaffe seg hund, men om du har muligheten er det gull verdt.
Endå har eg et stykke igjen for å kome
der eg vil på ski. I dag kan eg ikkje gå alt for bratte turar, men det hadde vert
ein drøm å få til. Kanskje breiare ski? Ski med gode feller på?
Dette må eg finne ut i framtida!
Overnattingsturar!
Når du skal ut å sove, blir det fort ein del å pakke med seg, og då spesielt på vinteren. Her er rådet å skaffe seg ein pulk. Me kjøpte vår fyrste pulk på finn.no for 500 kr . Den har vert til stor hjelp. Eg får med meg alt som eg vil ha med meg på ein overnatting, og skuldere mi får ingen belastning.
Eg har et skritt igjen å gå når det gjelder overnatting med heile familien når det ikkje er snø. Endå meir utstyr, og ungane mine på fem år klarer ikkje bære alt dei trenger sjølv. Løysinga fram til no, har vert å sove ute ein plass som ikkje er så alt for langt frå bilen. Då kan ein eventuelt gå fleire turar. Men ønsker er jo å komme seg litt lengre ut i skog og fjell sammen med familien også. Har nokon et godt råd her, tar eg gjerne imot 🙂 Orion er snart gammel nok til å bære kløv no, å det kommer nok til å hjelpe på. Likevel så må eg finne ut ein måte å få med meg alt utstyret på.