For å vere sterk, må ein fyrst vere svak!

untitled-3401
Eg har tenkt mykje gjennom kvifor eg har så vanskelig med å vise dei svake sidene, kvifor skal alt vere så hemmelig. Er det farlig å vise at kanskje ikkje alt er perfekt.
Eg har bestemt meg for å prøve å vere open og ærlig, så kanskje det kan hjelpe andre som er i samme situasjon. Gjennom desse tre åra har eg delt min historie med dei eg har hatt tillit til, og eg har møtt andre personar som er i samme situasjon som meg. Merkleg nok så oppdaga eg at eg var ikkje åleina. Trist, men på ein måte godt å vite.
Å dette ut av arbeidslivet i ein lengre periode, har ikkje vert lett. I starten var eg livredd for å gå ut, var så redd for kva andre tenkte om meg! Eg har ein skade i ei skuldar som ikkje er mulig å sjå fysisk, ingen gipsa arm osv. Ein av tankane som kom og som fortsatt er der (men i mindre grad) «Korleis klarar ho å vere på tur, og ikkje i arbeid». Eg kan forstå at dette kan vere vanskelig å forstå for enkelte, men kvifor skal eg la dette ødlegge.
Fyrst tenke eg at dette skulderbladet treng nok sikkert berre litt tid og kanskje litt behandling, for noko anna alternativ var ikkje aktuelt, men det vart verre og verre, og tida gikk. Plagene som oppsto, heilt plutselig, var som om nokon drog meg ned i et hol. Det vart svartare og svartare, og eg kom lengre og lengre ned i det.
Mørkare og mørkare
Smerten og dei søvnlause nettene var vonde, og er der fortsatt, men så var det alt det eg måtte gi opp. Tømring vart alt for tungt for helsa mi og eg vart anbefalt å ikkje gå den veien, og etter kvart som tida gikk mista eg lærlingplassen. Lærligkontoret kunne ikkje holde på meg lengre når dei ikkje fekk noko konkret svar på korti eg var tilbake.
Volleyballen som har vert ein stor del av meg heile livet, måtte eg også gi opp. Og for mange er volleyball ein ball som fyk raskt i lufta, men for meg har den betydd så mykje meir. Når eg var på banen, var eg så trygg. Dette var plassen min som eg følte meg heime på. For å ta vare på helsa, måtte eg legge ballen på hylla. Ein grusom følelse! Eg mista meg sjølv meir og meir. Kajakken, som flyt så lydlaus i bølgene. Eghar måtta satt den på vent, men eg har endå ikkje gitt den opp. Eg vil flyta lydlaus gjennom bølgene igjen.
Når barna mine kjem springane mot meg, kan eg ikkje lengre vere den sterke som løftar dei høgt opp i lufta for å så gi dei ein knuseklem. Eg må setje meg ned på deira nivå.
Eg kan ikkje lengre vere den som tilbyr meg å gjera dei tyngste praktiske tingene i familien og til vennar. Kven er eg no? Eg har mista mine sterke sider, dei sidene som har vert meg i alle år. Eg føler eg har fått ei identitetskrise! Eg føler meg ubrukleg, eg er jo ingenting lengre. Før var eg i minste i jobb og ungane såg opp til at eg bygde hus, mens no føler eg meg så langt ifrå et forbilde for dei som det går ant å komme.
Heldigvis for meg og dei rundt meg, så fann eg fjellene og naturen. Eg fann noko som eg mestra, og endå bedre, det fungerte som smertelindring. Ikkje asfalt, men ulendt terreng. Det begynte i det små, men turane vart lengre og lengre. Friluftsliv i fjell og skog begynte å bli ein del i kvardagen, og endelig kunne eg kjenne på mestringsfølelse og livsglede igjen. Etter kvar som tida gikk vart turane lengre, eg begynte å sove ute, og rett og slett elska naturen på ein heilt ny måte. Å dele dette med barna mine er stort, kanskje eg føler ein smule av å vere et godt forbilde igjen. Eg måtte læra meg ein del triks for å klare å gjennomføra dei forskjellige turane, og i neste post vil eg skriva litt meir om det.
IMG_4145.JPG
Endelig begynte eg å føle mestringsfølelse og sjå lyset igjen!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s