
Friluftsliv har alltid vert ein stor del av meg, men då mest ved sjøen. Inntil starten på 2015, då ting skulle vise seg og bli vanskeligare i livet. Eg var godt i gang med å bli tømrar, og stortrivdes med det. Eg er jenta som liker praktiske ting, og dersom eg får brukt meg sjølv til å lage ting, blir dagen super. Sakte meg sikkert begynte eg å få smerte i skulderblad, men eg jobbet likevel på med håp om at det måtte gå over. Eg holdt ut ei stund, til ein dag kroppen berre sa stopp. Sjukemeldingar, behandlingar, henvisningar, håp og skuffelse vart ein del av kvardagen. No, tre år seinare, sitt eg her og smertene er fortsatt det samme!
Eg måtte begynne å gå turar i ulendt terreng, det var den beste medisinen mot smertene. Eg gikk skritt for skritt, meter for meter, mil for mil. Eg vart avhengig. Avhengig av den friske gode lufta, avhengig av den fysiske medisinen. Toppturar dei dagane som er bra, litt flatare skogsturar dei dagane smerten var som verst. Toppturar er selvfølgelig det eg liker best, då eg får ein sånn god mestringsfølelse i kroppen.
Eg valgte å lage meg ein instagramprofil @friluftsminner, og seinare ei facebook side der eg la ut bilder frå den nydelige naturen me har her i Norge. Målet var å motivere andre til å komme seg ut i naturen, samtidig som eg prøvde å finne meining i kvardagen. Eg har fått så mange gode og varme tilbakemeldingar frå ukjente, bekjente, fjærn og nær. Mangen spørr om forskjellige ting som f.eks : korleis klarer du å få med deg ungane ut på så mykje i naturen, korleis tek du sånne bilde, korleis orke du å komme deg ut på tur nesten kvar dag osv.! Nokon har sagt eg må gjera noko meir med desse bildene. Skriv ei bok, prøv å selge bilder, osv. Så no valgte rett og slett å lage denne sida, der eg kan skrive litt meir om turane og korleis eg klarar å drive med friluft med ei skulder som ikkje spelar på lag. Så følg med 😉
Målet var å motivere andre til å komme seg ut i naturen, samtidig som eg prøvde å finne meining i kvardagen