Viser alle 2 resultaterSortert etter propularitet
-

kr 1 190,00 – kr 6 190,00Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00
Et kraftig slag i vatnet og tusen dropar i lufta. Spekkhoggaren hadde følgt sildestimen heilt inn til båten og dukka opp på andre sida, der han slo med halen for å svimeslå byttet. Vatnet spruta, og i eit kort augenblikk fekk eg eit skjeldan innblikk i det i ville livet under overflata. Ikkje så mange kan «skryte på seg» å ha blitt spruta på av ein spekkhoggar. Når eg ser på bilete igjen huskar eg igjen følelsen så godt. Eg sovna med smil om munnen den natta.
-

kr 1 190,00 – kr 6 190,00Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00
Timesvis på timesvis. Bomtur på bomtur. Men endeleg sit det. Det perfekte lyset, den stille sjøen og den kraftfulle pusten til spekkhoggaren, opplyst av den varme kveldssola.
Eit pust, eit glimt av gull – og så er augneblinken vekk. Det er noko heilt eige med å bruke så mykje tid på eit dyr, og så sit det magiske augeblikket att, fanga på kamera og bevart som eit minne. No kan også dette flyktige møtet få ein plass på veggen.