Viser alle 4 resultaterSortert etter propularitet
-

kr 1 190,00 – kr 6 190,00Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00
Greplyng. Navnet ligg i planta sjølv. Den grip seg fast.
Høgt over Aurlandsfjorden, ca 900 meter over havet, klamrar den vesle lyngen seg til berggrunnen. Den møter på storm, regn, lyn og steikande sol, år etter år. Likevel slepper han aldri taket.
Når sommaren kjem, blomstrar han i rosatonar og pyntar fjella våres.
-

kr 1 190,00 – kr 6 190,00Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00
Klokka var litt over fire på natta då dette augenblikket blei fanga i skogen. Eg hadde fått eit hint om at det var revehi i området. Under ein liten tur ute på natta, sto plutselig reven der. Ansikt til ansikt med ein reveunge mellom tuer av bregner.
Den stoppa opp, nyfiken og våken, før den såg meg rett i augene. Eit kort augenblikk av rein natur og nærleik, før alt blei stille igjen.
Dette biletet fangar eit skjeldan møte i norsk natur.
-

kr 1 190,00 – kr 6 190,00Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00
Revemøte har lenge vore eit av dei største ønskja mine som hobbyfotograf. Nokre få gongar har eg fått eit glimt av ein rev, som oftast langt vekke, eller så rask at eg ikkje ein gong har rukke å løfta kameraet. Men dette møtet var annleis.
Mellom bregnene møtte to nysgjerrige auge mine. Reven var roleg, nyfiken og gav seg god tid. Eg fekk vere vitne til eit møte eg aldri kjem til å gløyme. Etter kvart la han seg heilt ned for å kvile, som om eg berre var ein stille del av landskapet. For meg handlar dette biletet om tillit. Eit sjeldan møte mellom to nysgjerrige blikk, fylt av ro, undring og respekt.
-

kr 1 190,00 – kr 6 190,00Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00
Når nordlyset dansar over himmelen og furene står mørke og stille, då vert verda større og tankane mindre. Ei krokete furu strekkjer seg mot lyset, i det sløret glir over nattehimmelen. Eit augneblink av stillheit, undring og kjensla av å vere liten under noko uendeleg stort.
Når ein fotograferar nordlys er det ofta mykje frysing og venting, men så verdt det når dansen på himmelen visar seg