Viser alle 4 resultaterSortert etter propularitet
-

kr 1 190,00 – kr 6 190,00Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00
Havet er vilt, vakkert og fullt av krefter. Likevel oppstår det av og til små augeblikk som verkar nesten umoglege.
Då bølgjene braut mot svaberga, forma sjøspruten eit hjarta, akkurat idet lundefuglen flaug forbi. Eit sekund som var vekk like fort som det kom.
Bak dette biletet ligg mykje venting. Eg stod lenge og følgde bølgjene, lyset og fuglane, vel vitande om at naturen aldri gjentek seg.
For meg minner dette biletet om at sjølv i dei største kreftene finst det rom for noko vakkert.
-

kr 1 190,00 – kr 6 190,00Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00
Ei lita skikkelse på kanten av verda. Lundefuglen sit stille og ser utover storhavet, eit motiv som formidlar ro, fridom og kjensla av å ha god tid.
-

kr 1 190,00 – kr 6 190,00Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00
Nokre møte med naturen kan ikkje hastast fram. Dette portrettet av lundefuglen kom etter lang venting, stille rørsler og respekt for fuglen sitt eige tempo.
Då augeblikket endeleg kom, fekk eg fange dei intense fargane, dei fine detaljane og det nysgjerrige blikket på nært hald – eit lite glimt av livet langs den norske kysten.
-

kr 1 190,00 – kr 6 190,00Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00
Eg sat lenge og venta medan lundefuglane kom og gjekk mellom havet og reiret. Dei fleste passerte for fort, i feil lys eller utan fangst. Men så kom dette augeblikket. Med fisk i nebbet, vengene utstrekte og kursen heimover til reirhola, sat alt akkurat sånn eg hadde håpa. Det er sånne sekund som gjer alle timane med venting verdt det. For ei oppleving.