Årets fyrste teltnatt, 2019!

Sekken blir pakka, alle spørsmålene rasar rundt i hovudet mitt, og trua på meg sjølv vert mindre samtidig som klumpen i magen vert strørre! Kjem eg til å fryse? Kjem eg meg frå a til b? Taklar skuldera det denne gongen og? Det surrer så masse rart i topplokket før turen ut, og spesielt om vinteren. Heldigvis har eg erfart dei fleste gongar at det kjem til å bli ei bra oppleving, så eg kjem meg over dørstokmila!

Denne turen var heller ikkje foruten grubletankar, og klump, men forskjellen på denne turen var at eg ikkje skulle ut åleine på tur. Eg har heldigvis funne ei som har til felles med meg å like å sove ute året rundt, så eg synest det er veldig kjekt at ho vert med når eg spør!

Utstyr og hund inn i bilen og avgåde med oss! Dagens mål var å gå frå Hjelle og opp til Roset hytta (670 moh), for å så finne ein egna plass for å setje opp teltet! Rosethytta kan leigast av Voss Utferdslag frå 15. mai til 15 oktober.

Me nærma oss Hjelle, og me var begge like spent på om me kom til å vasse i laussnø, eller om nokon hadde vert å tråkka spor i forvegen! Eg var ekstra spent sidan eg ikkje hadde mykje erfaring på mine nye fjellski! Gliset vart stort då me møtte ein gjeng på randonee, som kunne fortelje oss at det var flotte spor!

Me gjorde klare fjellskia, og heldig som eg var fekk eg låne eit par langfeller, som skulle hjelpe meg til topps! Tok sekken på ryggen, stramma så hardt rundt hoftene at den ikkje låg nedpå skuldera mi, og så var med i gang. Orion i front! I starten var han mest opptatt av gode lukter i grøfta, men når stigningen vart som verst jobba han som ein helt!

Turen starta langs ein brøyta traktorveg, før det gikk over i snøkledde grantre innover. Rundt oss glitra snøen som ei kvit dyne full av diamantar, det føltes som me var satt inn i eit eventyr! Det var begynt å bli kjølig og rundt oss var det ein nydelig stillhet! Ei ski framfor den andre, langfellene gjorde ein fantastisk jobb, kun i dei brattaste liane måtte stavane brukast aktivt! Dette  er virkelig noko eg anbefaler til folk med dårlige skuldrar ol.

50745202_2362984343935270_6152426766167179264_n.jpg
Starten på turen går i ein traktorveg/grusveg, her var det brøyta og fint!

Mørket begynte å sige på og hovudlyktene måtte takast på, gradene krøyp nedover gradestokken jo lengre opp i høgda me kom. Over siste haugen såg me hytta Roset, då var det berre å finne den perfekte teltplassen! Det var blikkstille ute, så me prioriterte utsikt framfor den lunaste plassen! Eit godt stykke nedom hytta fann me den perfekte flata, med nydelig utsikt utover Voss. Plassen var open og vinden kunne nok ta godt her, men me begge er veldig svake for flott utsikt! Me heiv på oss dunjakka og kom i gang med å setje opp teltet! Ingen av oss hadde snøpluggar til å feste med, så ski og stavar vart brukt, i tillegg til ei og anna bjørkegrein som stakk opp og som me kunne feste i. Valget av teltet me hadde med oss var et ganske stort telt, men me valgte det pga dei gode stormmattene, som kom godt med når vinden begynte å ta seg opp. På kvar ei stormmatte, vart det spadd godt med snø, så no kunne vinden berre kome.

 

untitled-0393
Teltet klar for storm

 

 

untitled-0395

 

 

 

Leiren var etablert, no var det magen som skreik etter mat! Sol skulle ordne mat denne turen, og lur som ho var hadde ho steikt kjøttdeigen på forhånd, så då gjensto det å koke opp gryteretten! Å koke ting på stormkjøkken i kulden, tar si tid, så her er det om å ha god tolmodighet!

 

 

 

sovepose

 

 

 

 

 

 

 

 

Gode og mette, var det berre å krype ned i soveposen, og ekstra godt er det å ha sin eigen kosebamse med på tur!

 

untitled-0406
Utsikt utover Voss, sett frå soveposen!

 

Nattetimane kom, og då klokka var nærare to om natta, våkna eg. Eg var kald, og styrken  i vindkasta var så sterke at eg måtte ut å sjekka om teltet sto trygt! Når eg i utgangspunket frøys og hadde lyst å holda på det vetle som eg hadde av varme, så var det ganske tungt å motivera seg for å gå ut! Likevel så klarte eg ikkje slappa skikkelig av før eg hadde sjekka bardunene, så ut av soveposen måtte eg. Stak hovudet ut av teltet, og der blas det snøstorm, alt såg kvitt ut rundt teltet! Heldigvis hadde me gjort ein så god jobb, at teltet sto bra, men eg måtte likevel ta litt meir snø på stormmattene for sikkerhetsskyld. Tilbake i soveposen, var det om å finne varmen og få seg nokre timar til med søvn!

 

untitled-0432
Morgonstemning, fortsatt litt vind ute!

 

Etter ei stormfull natt våkna me til nok ein fin dag, med litt vind! Eit par polarbrød vart inntatt før pakkinga begynte! Eg var ganske spent på korleis nedkjøringa skulle bli! Kom eg til å klare å styre nedover, vart det for bratt, måtte eg «skli på rumpa» dei brattaste plassane? Det var berre til å spenne fast skia og finne ut av det!

 

untitled-0420
Ein vakker teltplass! Orion elskar å sove ute, og klarar seg godt med den tjukke pelsen! 

 

Turen nedover starta ganske så tregt! Eg tenkte med meg sjølv at dette ville ta ein evighet, eg følte meg virkelig hjelpalaus i all den djupe snøen, det var umulig å svinge! Samtidig så tenkte eg mykje på snøras, skulle så gjerna hatt meir kunnskap om det! Men når eg kom litt lengre ned og inn igjen på den ruta me gikk opp, begynte ting å gå betre!  Eg kunne til og med begynne å få ganske stor fart på skia, og det føltes kjekt! Nesten nede ved bilen møtte me nokre jenter som var på veg opp. Dei hadde diskutert seg imellom og funne ut at me (eg og Sol) som sklei nedover skogen, hadde det ganske så artig! Dei hadde høyrt latteren langt nedover lia! Eg må innrømme at det hadde dei heilt rett i, me koste oss, og vel nede ved bilen var kroppen fylt med mestringsfølelse og eit stort glis om munnen! Eg gledar meg allerede til neste tur!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s