Fullmåne, naturens eiga lykt!

Har eg pakka hovudlykta? Har eg nok batteri? Finn me fram i mørket? Har eg nok klede? Før eg skal ut på tur, surrar det mange spørsmål i toppetasjen, og det er ikkje utan grunn! Naturen er noko ein skal ha respekt for, naturkrefter er ikkje noko å spøke med!

Eg var så heldig å bli spurt om eg ville vere med på tur i helga, og klart eg ville det! Ute i naturen er ein trygg arena for meg, så dette såg eg fram til. Denne kvelden skulle me ta oss fram til Høgabu ifrå Lid (Bergsdalen). Kvelden var ung, men mørket hadde lagt seg over skog og fjell. Ved turstart var det ti minusgrader, og me bevegde oss inn i ein frostlagt bjørkeskog. Hovudlyktene måtte slåast på, og me begynte ganske snart på oppstigninga. Hundane fyrst, med kvar sin eigar bak. Gjennom bjørkeskogen, kunne me skimte fullmånen som klatra seg oppover på himmelen, men hovudlyktene måtte fortsett vera i akt.

Me nærma oss toppen av tregrensa, og begynte å gå i opent terreng. Rundt oss var det som å gå i et eventyrland med iskrystallar over alt. Me prøvde å slå av hovudlyktene og vart overraska over kor godt månen lyste opp stien og landskapet rundt oss. Me rusla vidare, og slo hovudlyktene på kun der det var nødvendig. Ute var det stille, det var kun skritta våra som laga lyd, men plutseleg høyrdest vengeslag, og ei kvit rype letta ifrå bjørkekrattet!

høgabu-4387
Då eg tok kameraet ut av sekken, hadde objektivet mitt delt seg i to! Kjedelig, men eg trur eg klarte å  fange steminigen fordi om den ikkje virka som den skulle!

No nærma me oss kveldens mål, nemleg Høgabu, der turistforeininga har hytte. Me var spente om me kom til å møta ei mørklagt hytte, eller om det var andre på fjellet for å nyte denne fine kvelden. Me kom over haugen, og der sto hytta, mørklagt og fin i måneskinet. Me fyrte opp i  omnen inne og laga til eit bål ute så me kunne grilla mat på! Det vart ganske så kald trekk ute, så etter me var god og mett trekte me inn i varmen! Natta tilbrigde me i sikringsbua, då det er tilrettelagt for hund der! +*

høgabu-4419.jpg

Etter ei god og varm natt, var det herleg å stå opp med to håpefulle firbeinte! Ute farga sola horisonten lyserosa og oransje, og det såg ut til å bli ein ny kald og fin dag!

høgabu-4429.jpg
Morgonstund

Under frukosten planlagde me rute saman, og eg fekk lære litt om kart og kompass, noko eg verkeleg burde lært meg etter kvart! Dagens tur skulle gå ned til Småbrekke, men ei litt anna rute enn den mest kjente. Me valgte å leggje ruta opp på Liabukken, ned til Oddmunddalsvatnet, og deretter inn på stien til småbrekke.  Me vaska opp, og ordna opp etter oss, pakka sekkane og traska avgårde! Sola lyste opp landskapet meir og meir, og plutseleg kjente me at ho varma på kinna. Rundt oss letta rypeflokk etter rypeflokk, kledde i vinterdrakta si. Etter litt over to hundre høgdemeter, sto me på Liabukken (1140 moh). Her opna det seg ei 360 graders utsikt, der ein kunne sjå kjente toppar som Dystingen, Bruviknipo og Lønahorgi, og det såg ut som me hadde heile fjellet for oss sjølv. Her måtte me ta oss ein liten pause å nyte før me begynte på nedstiginga!

høgabu 1-4450.jpg
Ein pust i bakken

Nedstigninga frå Liabukken foregikk for det meste på berg, nokon parti glattare enn andre. Me tok opp kartet for å sikte oss ut vidare rute ned til Oddmunddalsvatnet, og Småbrekke.

høgabu 1-4442

Plutseleg der ser me stien, eller den gamle millitærvegen som går til Gullhorgabu. Ein mestringsfølelse og glede kjennes i kroppen når me innser at valga me har gjort undervegs har ført oss fram der me ville.

Trygt nede ved bilen seier me oss nøgd med ein nydeleg tur med mange flotte opplevingar, før me sett oss inn i bilen! Måneskinstur kan verkeleg anbefalst.

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s