Våren er her, og naturen våknar til liv.

Det er vår, og naturen livnar meir og meir til. Lyset gjer dagane lengre, og temperaturen stig oppover på kvikksølvet etter kvart som dagane går. Vårplantene kjempar seg opp gjennom snørestane og strekk seg mot sola. Trekkfuglane kjem tilbake, samtidig som insekt og andre dyr begynner å våkna til liv. I sjøen er det våroppblomstring av plante plankton, makrellen jaktar småfisk, og nisene er aktive. Våren er også tida der det er kamp og kurtise. Ein spennande og eventyrlig ting som skjer på våren, er tiurleiken.

Storfuglhannen kalles tiur , og hoa kalles røy (høna). Og i slutten på april, begynnelsen på mai er det noko ein kallar høneveka. Det er den veka røya er klar for parring og oppsøker difor ein leikplass for å finne sjefstiuren. Ein leikplass kan bestå av seks til tolv tiur +/- og er sentrum på eit område med radius på ca. ein kilometer, der tiurene møtes for å «vinne røyene» og får parre seg. Då vert det mykje aktivitet blandt røyene og tiurane. Tiuren spelar, brusar med fjørene og gjer spenstige flaksehopp. Med tiurens speling, meines «sangen» han lagar. Den startar med ein slags knepping, som om nokon sjenker frå ei glassflaske. Så lagar han ein klunkelyd, som om nokon trekker korken ut av flaska. Og til slutt er ein slags hvesande sliping. På ein leik er det ofte berre ein som får vere sjefstiuren, og difor kan det verte ein del slossing mellom dei. Dette er noko eg har opplevd på nært hold, og har lyst å dele opplevelsen med deko.

Tiur bak, med røy framfor seg. Som du ser er det stor foskjell på størrelsen og fjørdrakta..

Fyrste møtet mitt med tiur, var med ein spelegal tiur på Tysnes. Ein spelgal tiur har eit unormalt høgt nivå av hormonar, og vert uredd. Denne spelegale tiuren kom flygande mot oss mennesker, brusa med fjøra, og slo med vingene. Eg sat meg ned på huk for å ta bilder av tiuren, og plutselig slo den meg på låret med vinga- Det skal eg love dykk kjentes godt, det svei i lang tid etterpå. Etter dette møte, fant eg ut at det hadde vert artig å vert på ein tiurleik der dei spelar og sloss mot kvarandre.

For å oppleve tiurleik, må ein fyrst vite om ein leikplass. Dette skulle vise seg og ikkje vere så lett. Eg har brukt mykje tid ute, men aldri funne spor etter leikplass. Eg spurte eit par personar, utan hell. Då var det ut å leite meir. Plutselig ein dag i april, då eg nesten hadde gitt opp, skulle det skje. Eg satt på ei tua saman med hunden min Orion, og kjente meg motlaus. Eg tenkte eg skulle gi det ein siste sjans og gå over ein haug og ned til ei myr. Langs ryggen ned til myra, såg eg fleire og fleire ruer med tiuravføring, og eg såg spor i snøen der den hadde gått. For ein mestringsfølelse å finne ein tiurleik etter så mange bomturar. Eg gikk lett på foten heim igjen den dagen, og begynte å planlegge overnatting.

Tiuravføring med kvit i enden, vert kalla spillmøkk og er tegn på at parring nærmar seg.
Tydelige spor etter tiur som har gått i snøen.

Det er i slutten av april, og eg har bestemt meg for å ta meg ein tur for å sjekka aktiviteten på leiken. I år har våren vert kald, så med ski på beina og pulken full av utstyr og forventningar, gikk eg innover i skogen. Etter ei stund kom eg fram til plassen, og det var skit og spor over alt. Her har det vert liv, men kor skal eg satse på at det er størst aktivitet. Teltet eg brukar er eit kamuflasjetelt med opning på alle fire sidene, då har eg utsyn i alle retningar. Spørsmålet er berre kor heldt skjefstiuren til, for der den heldt til, der vert det mest aktivitiet.

Eg føl magefølelsen, og bestemmer meg for ei lita flate med god utsikt i alle retningar. Då er det berre å få opp teltet, ordne med liggeunderlag og resten som må til, før eg må krype ned i soveposen. Heldigvis hadde eg god tid, for det var endå nokre timar til klokka vart åtte på kvelden. Klokka åtte bør eg vere inne i teltet, fordi då kan tiurane komme inn korti som helst for kvelden og setje seg på ein «nattekvist».

Vel inne i teltet og nede i ein varm sovepose, sitt eg og ser utover i ein kveldshimmel som er farga i nydelige varme fargar. Gløymer både tid og stad. Plutselig, der flaksar det nokon kraftige vingesalg og ein mørk fugl set seg i ein tretopp kanskje ti-femten meter ifrå meg. Der sit tiuren og beitar furunåler og gjer seg klar til nokron timar på nattekvisten. Ikkje lenge etterpå, ser eg endå ein tiur, men denne er eit godt stykke unna, kanskje femti meter. Den tiuren flyr ned på bakken og begynner å spelar litt, med klukk, knepp og hvesinga. Då den tiuren som sit nærast meg høyrer dette, stoppar den å ete med det same å startar og spelar han også. Han ser rivalen som går på bakken, og for meg ser det ut som den studerar han nøye. Vingene hans begynnar å flaksar, og der ser eg at han har kursen sin rett imot teltet og opninga mi. Eg tenkjer: «dette går aldri bra, denne tiuren har feilberegna. No kjem eg til å få besøk inn i teltet.» Han ser meg rett i augene, og hjerta mitt begynner å slå hardt. Det er kjekt å komme tett på ville dyr og fuglar, men å få ei hormonbomba med vinger på tre til seks kilo inn i teltet, ville kanskje blitt i overkant tett, sjølv for meg. Eg pusta letta ut og nytte synet då den landa rett på utsida av teltet mitt. Den tusla rundt mens det mørkna, og spelte meg inn i drømmeland med sine fasinerande lydar rett utfor teltduken.

Kveldshimmel utanfor teltet.
Speling utanfor teltduken i mørke natta. Høy dei fasinerande lydane. (trykk spill av)

Det er forsatt mørkt ute, men no visar klokka ti over fire. Sola er berre begynt å tenke på at den må stå opp, men ute skjer det ting. Det er lettare enn nokon gong og våkne frå søvnen. Fuglar flaksar ned på bakken frå nattekvisten sin, og spelet er i gang. No er det berre å setja seg opp, og følge med. Plutelig der i lyngen, ser eg ein tiur som snik seg inn på leikplassen. Yes, eg trur eg har sett teltet opp på rett plass.

Tiur i soloppgang.

Eg synest dette er så spennande, at eg stoppar nesten å puste der eg sitt. Sola klatrar seg sakte men sikkert oppover på himmelen, og det vert meir og meir aktivitet. Røyene begynnar å kome inn i tretoppane på leikplassen og før eg anar det er det full rulle.

Røy i treet er eit godt tegn. No håpar eg (som sitt skjult i teltet) og tiuren at ho vil koma ned på bakken.

Ein ungfugl kjem inn på plassen, veldig forsiktig av seg. Sjekkar terrenget og beitar litt.

Forsiktig ungdom.

Men på leiken kjem ein ikkje langt om ein er redd og forsiktig. Ein anna tiur er skikkelig hissig og vil slåss mot ungdommen. Dei slår vingene mot kvarandre så det smell i skogen, og han klarer å skremme ungdommen vekk. Er det skjefstiuren skal tru? Han går tilbake på tua si og flottar seg med sine høge flaksehopp for å tiltrekke seg røy.

Flaksehopp

Den ser litt smågal ut der den hoppar opp og ned, men det kan lønna seg. Røyene begynnar å kome ned på bakken, ei etter ei. Og etter å ha jaga vekk endå fleire utfordrarar, får sjefstiuren gi sine gode gener videre. Røya rister fornøyd på fjørdrakta si, og flyr avgårde til sitt eige habitat for å finne ein egna plass til framtidige egg og kyllingar.

Fornøyd røy på veg til sitt eige.

Eg må fortsatt holde meg inni teltet til litt utpå dagen. I ca 12 – 14 tida har dei fleste fuglane forlatt leiken, og eg kan rolig pakke saman og trekke meg ut.

Om ein skal oppleve tiurleik eller anna dyr på nært hold, er det veldig viktig å gjere det på dyras premissa. Altså gå i teltet lenge før det absolutt er nødvendig, og hold deg inni der til det er over. Ein kan ikkje berre trekke seg ut fordi ein ikkje gidd meir. Det kan i verstefall øydlegge eit heilt leikområde. Så respekter dyra.

Håpar du blei inspirert, og vil leite fram din eigen leikplass for å nyte dette eventyret.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s