Lyst å lage boller på tur?

Me voksne klager ofte over dørstokkmila, mila som kan vere så evig lang frå den mjuke sofaen, det varme pleddet, den dårlige dagen osv. Likevel er eg fasinert over at ein aldri angrer på ein tur når ein berre klarer å ta steget ut i den friske lufta. Og eg har tenkt på ein ting, kan dørstokkmila gjelde for barna også?

Mine barn på åtte år, får stadig sterkare meiningar om kvifor dei ikkje vil på tur. Dei er komme i ein alder der turlivet med mamma, ikkje er deira fyrste prioritet lengre. Det er ofte mange unnskyldningar for å sleppe, som at dei vil vere med venner, teste ut et nytt spel, dårlig vær, dei er sliten etter skuledagen osv. Men igjen, når dei fyrst blir med, så storkoser dei seg, og dei angrer aldri. Som oftast kjem det eit «takk», eller «du hadde rett igjen mammo, det er veldig kjekt å vere ute på tur»!

Eg har for ei stund tilbake sidan, skreve om det å ta med barn på tur, men no har eg lyst å tilføre litt ny erfaring. Fortsatt så er det viktig at turen er tilpassa barna, sånn at ikkje turlysta vert tatt ifrå dei. Samtidig vil eg tilføre at det bur ganske mykje krefter og vilje i eit barn, så dei kan klare ganske mykje dersom det er lagt til rette for det. Ha alltid tid, når barna er med. Ikkje gå tur den same dagen dykk skal rekke mykje anna, som for eksempel ei trening. Turen der det er tid til å stoppe for å klatre i tre, tid til å utforske ei hole, eller ein fjellskråning som ein kan klatre om og om igjen, er dei turane som barna set mest pris på. Barna er ekspertar på å bruke fantasien ute i naturen.

Her viser vidoen sjølvantenningen på brenneren.

Min nye erfaring for litt umotiverte turbarn, er å prioritere eit godt måltid på turen. Barna mine synest maten smakar ekstra godt ute. Og no tenker du kanskje, det er så mykje ting som må med i sekken, og det er så mykje styr. Det synest eg også før, når eg måtte dra med det store stormkjøkkenet i sekken. Det tok stor plass, samtidig som det var tungt. No har eg testa ut MSR sin Pocket Rocket DLX , den er lett og tek liten plass. Det er ein toppmontert brenner, som vil sei at den kan skruast rett på gassflaska. Den har sin faste plass i frilufts-skuffa mi, og er enkel og berre putte i sekken, eller lomma. Og på spontanturer, er det ofte mange ting som kan gløymast, som f.eks fyrstikker. Med Pocket Rocket gjer ikkje det noko, for den er med inkludert tenner. Det vil sei at ein skrur opp gassen og trykker på ein «knapp», og den er klar til å varme maten. Denne brenneren er genial til spontanturer med barna, nærturer der det hadde vert godt med ein varm lunsj eller ein kakao/kaffi. Her er link dersom du også ønskjer denne lette og gode gassbrenneren i ditt turutstyr.

https://www.addnature.no/msr-pocketrocket-dlx-stove-M717971.html?vgid=G974606

(den raude beholdaren er gass)!

Tilbake til mat og barn på tur. Eg har som sagt erfart at eit måltid inkludert i turen, skapar ekstra motivasjon. Det vil ikkje sei at eg lagar masse fancy mat, men funnet to favorittar som er pannekaker og bollar! Pannekaker er veldig enkelt. Eg lagar alltid røra ferdig heime, og tømmer det over på ei flaske. Då er det berre å putte det i sekken og gå ut.

Kanskje du tenker at boller på stormkjøkkenet er avansert? Det treng det ikkje vere! Det finnes mange oppskrifter på korleis det kan gjerast, og etter å ha prøvd og mislykkst ein del gongar, har eg funne ut kva som fungera bra for min del utan å svi bollane!

Bollar på gang, med nydelig utsikt.

For å gjere det lett, kjøper eg alltid meg med ferdig pizzabunn, av typen rull ut med bakepapir! Då er det berre å rulle den ut når ein har funnet den perfekte plassen til å nyte maten på. Det neste eg gjer er å dekke den med smør, kanel og sukker! Så er det berre å rulle den sammen, å dele den opp i små bitar!

Då er det tid for å steike bollane. Det vanskelige her, er å ikkje svi dei. Eg har prøvd forskjellige ting, og veldig ofte endt opp med svidde bollar og skuffelse. Eg har funne ut at eg alltid må bruke dobbelt lag med aluminiumsfolie i bunnen på steikepanna, og eit dobbelt lag med bakepapirark opp på der igjen, for å vere sikker på at dei ikkje vert svidd. Så ein god smørklatt som bollane kan steikast i på svak varme! Eg brukar lokk på steikepanna (fann eit lokk i kjøkkenskuffa som passa til) og så snur også bollane inni mellom! Steikepanna eg brukar er MSR sin Quick Skillet, som eg er kjempe fornøyd med.

MSR Quickllet | addnature.nohttps://www.addnature.no/msr-quickllet-M523303.html?cgid=236351

.

Bollane klare til steiking!
Den som venter på noko godt…
Tommel opp, det er klart for nystekte boller med nydelig utsikt!

Ynskjer eg ekstra topping som f.eks perlesukker eller sjokolade, så pakkar me det med. Her er det berre å bruke fantasien. sjokoladen tek ein på ved slutten av steiketida, så den smeltar på toppen.

Altså, pakkliste for boller ute i naturen:

  • noko å varme bollane på (brenner, bål, stormkjøkken osv.)
  • Fyrstikker om du ikkje har brenner med eigen opptenning
  • Steikepanne
  • lokk som passar steikepanna (gjer ikkje noko om lokket er litt stort)
  • pizzadeig
  • smør
  • sukker
  • kanel
  • topping, viss ein vil ha det.

Linker:

Brenner: https://www.addnature.no/msr-pocketrocket-dlx-stove-M717971.html?vgid=G974606

Steikepanne: MSR Quickllet | addnature.nohttps://www.addnature.no/msr-quickllet-M523303.html?cgid=236351

Sjå heile kjøkkenutvalget til Addnature: https://www.addnature.no/friluftsliv/campingkjokken/ovner-og-griller/stormkjokken/

Håpar bilder og tekst er med å inspirere til å skaffe eit turkjøkken (om du ikkje har), få på turskoa, fylle sekken med snadder og ut og nyte! God tur 🙂

Birgitte!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s