Viser alle 4 resultaterSortert etter propularitet
-

kr 1 190,00 – kr 6 190,00Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00
Greplyng. Navnet ligg i planta sjølv. Den grip seg fast.
Høgt over Aurlandsfjorden, ca 900 meter over havet, klamrar den vesle lyngen seg til berggrunnen. Den møter på storm, regn, lyn og steikande sol, år etter år. Likevel slepper han aldri taket.
Når sommaren kjem, blomstrar han i rosatonar og pyntar fjella våres.
-

kr 1 190,00 – kr 6 190,00Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00
I kveldssola står blomane tett saman, men ein strekkjer seg litt høgare enn dei andre. Han minner oss om noko enkelt: du treng ikkje vere lik alle rundt deg for å høyre til. Det finst også ein plass i lyset for den som veks på sin eigen måte.
-

kr 1 190,00 – kr 6 190,00Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00
Kvelden var i ferd med å ta over fjellet. Berre ei smal glipa av den siste kveldssola fann vegen over snøen og let landskapet gløda i nokre få minutt.
Det er sånne augneblikk som aldri varar lenge. Lyset flyttar seg stille, skuggane veks, og plutseleg er magien vekk.
Dette biletet er ei påminning om kor kortvarige dei vakraste stundene i naturen kan vera. Dei kan ikkje styrast.
-

kr 1 190,00 – kr 6 190,00Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00
Langs Tindevegen låg fjellet stille medan den låge kveldssola teikna ei skarp grense mellom lys og skugge. Berre nokre få minutt var fjellsida bada i det varme, gylne lyset før sola forsvann bak horisonten og alt vart blått igjen.Det er desse flyktige augneblikka eg alltid leitar etter. Eit motiv som viser korleis naturen kan vere både kraftfull og stillferdig på same tid.