Dyr

Viser alle 5 resultaterSortert etter propularitet

  • Revungen i skogen

    Revungen i skogen

    Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00

    Klokka var litt over fire på natta då dette augenblikket blei fanga i skogen. Eg hadde fått eit hint om at det var revehi i området. Under ein liten tur ute på natta, sto plutselig reven der. Ansikt til ansikt med ein reveunge mellom tuer av bregner.

    Den stoppa opp, nyfiken og våken, før den såg meg rett i augene. Eit kort augenblikk av rein natur og nærleik, før alt blei stille igjen.

    Dette biletet fangar eit skjeldan møte i norsk natur.

    Velg alternativLoading Done Dette produktet har flere varianter. Alternativene kan velges på produktsiden
  • Et plask frå havet

    Et plask frå havet

    Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00

    Et kraftig slag i vatnet og tusen dropar i lufta. Spekkhoggaren hadde følgt sildestimen heilt inn til båten og dukka opp på andre sida, der han slo med halen for å svimeslå byttet. Vatnet spruta, og i eit kort augenblikk fekk eg eit skjeldan innblikk i det i ville livet under overflata. Ikkje så mange kan «skryte på seg» å ha blitt spruta på av ein spekkhoggar. Når eg ser på bilete igjen huskar eg igjen følelsen så godt. Eg sovna med smil om munnen den natta.

    Velg alternativLoading Done Dette produktet har flere varianter. Alternativene kan velges på produktsiden
  • To pust i kveldssol

    To pust i kveldssol

    Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00

    Den eine spekkhoggaren var allereie på veg ned i djupet. Att stod berre pusten, lyssett av kveldssola. Samstundes steig den neste roleg opp og skulle til å fylle lufta med eit nytt pust. Eit kort augeblikk der to liv møttest, eitt på veg ned, eitt på veg opp, i det varme lyset frå den siste kveldssola.

    Velg alternativLoading Done Dette produktet har flere varianter. Alternativene kan velges på produktsiden
  • Nygerrige auger mellom bregnene

    Nygerrige auger mellom bregnene

    Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00

    Revemøte har lenge vore eit av dei største ønskja mine som hobbyfotograf. Nokre få gongar har eg fått eit glimt av ein rev, som oftast langt vekke, eller så rask at eg ikkje ein gong har rukke å løfta kameraet. Men dette møtet var annleis.

    Mellom bregnene møtte to nysgjerrige auge mine. Reven var roleg, nyfiken og gav seg god tid. Eg fekk vere vitne til eit møte eg aldri kjem til å gløyme. Etter kvart la han seg heilt ned for å kvile, som om eg berre var ein stille del av landskapet. For meg handlar dette biletet om tillit. Eit sjeldan møte mellom to nysgjerrige blikk, fylt av ro, undring og respekt.

    Velg alternativLoading Done Dette produktet har flere varianter. Alternativene kan velges på produktsiden
  • Pust av gull

    Pust av gull

    Prisområde: kr 1 190,00 til kr 6 190,00

    Timesvis på timesvis. Bomtur på bomtur. Men endeleg sit det. Det perfekte lyset, den stille sjøen og den kraftfulle pusten til spekkhoggaren, opplyst av den varme kveldssola.

    Eit pust, eit glimt av gull – og så er augneblinken vekk. Det er noko heilt eige med å bruke så mykje tid på eit dyr, og så sit det magiske augeblikket att, fanga på kamera og bevart som eit minne. No kan også dette flyktige møtet få ein plass på veggen.

    Velg alternativLoading Done Dette produktet har flere varianter. Alternativene kan velges på produktsiden